Eilert Adelsteen Normann

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Foto: Portrett av Adelsteen Normann (Carl Tietz).

Eilert Adelsteen Normann (1.05.1848 – 26.12.1918) er fødd på Vågøya i Bodin.

Familie

Son av skippar/handelsmann Johan N. Andreassen Kiil (104-62) og Sophie Marie Dreyer (1815-94) Gift med Catharina Henriette Hubertine Weitgau (1845-1911) og Luise Rostalski (1883-1954) Fekk 4 born med si fyrste kone; Emma Normann Pastor, Otto, Olga og Walter. Med si andre kone; Adelsteen.

Utdanning

I 1863 tok han eksamen ved Tanks skole i Bergen, for så å studere handelsfag i København. Planen var å kunne bidra i farens store føretak i Nordland, men etter eit års tid i Danmark gjekk ferda vidare til Düsseldorf og eit liv som kunstmålar. Han var knytt til kunstakademiet der frå 1869 – 1873, dei siste åra under Eugène G. Drücker. Der vart han buande med familien til fullført utdanning for deretter å slå seg ned i Berlin.

Kvar sommar reiste han attende til Noreg på leiting etter motiv i fjord- og fjell landskap, og det var slik han kom til Balestrand. Fleire kunstnarar knytt til akademia i Tyskland vert dregne mot det nordiske lyset, det blå lyset som finnast i Sogn.

Sommarbustad i Balestrand

Villa Normann i 1890, huset til Adelsteen Normann i Balestrand. Arkitekt Karl Martin Norum.

Villa Normann var i 1890 den fyrste drakestilsvillaen i bygda, men raskt etterfølgt av andre. Det danna seg etter kvart eit aktivt kunstnarmiljø i bygda, eit slags «kunstnarkollektiv» som hadde sitt virke fram til fyrste verdskrig. Villaen var innreia slik at halvdelen var bustad for familien medan enden mot nord var atelier. Atelieret fungerte både som studio og galleri. Han selde mellom anna bilete til Keisar Wilhelm II, men hovudsakleg låg marknaden for kunst i dei store europeiske byane.

Eigedomen fekk naust og brygge der Normann fortøydde 2 nordlandsbåtar. Han fekk òg laga tennisbane og nyte hobbyen sin med eige dueslag. Det vert fortalt at Villa Normann var ei julegåve til den fyrste kona, Catharina. Villaen er teikna av arkitekten Karl Norum til Jacob Digre Trævarehandel, Ila Trondheim sin katalog over ferdighus. Jacob Digre leverte ferdig tilskore tømmer til fleire ulike drakestils villaer frå slutten av 1800-talet til litt ut på 1900-talet. Katalogane var omsett til tysk, «Holz-Villen» og fransk, «Maisons en bois». [1] Drakestilen var ein nordisk variant av sveitsarstilen populær mellom 1890 og 1920, for Noreg særleg knytt til nasjonaliseringsprosessen, men òg i samband med nasjonalromantikken og fascinasjonen for norrøn mytologi som voks på kontinentet.

Kunstnarleg virke

Dei store måleria hans med dei vestlandske og nordnorske fjordane, samt midnattssol vekte merksemd på utstillingar i Europa og USA. Han vart løna med prisar og utnemningar ma. St. Olavs orden, riddar av første klasse, og fekk raskt eit kjent namn. Normann moderniserer uttrykksforma si, og byter til dømes ut jekter med dampbåt og tilpassar seg krav om truverdig samtidsskildring.

I Berlin starta Normann ein målarskule der han underviste i landskapsmåleri. I tillegg deltok han aktivt i kunstnarorganisasjonar, og det var som medlem i Verein Berliner Künstler at han føreslo den unge Edvard Munch sine bilete til ei separatutstilling i 1892. Utstillinga gjekk i ettertid under namnet «skandaleutstillinga, tilbakemeldingar frå publikum var at bileta var groteske teikn på eit forderva sinn som var ein trussel mot sjølve kunsten.

Han var den fyrste norske målaren som gjorde Nord Noreg kjent på kontinentet, bileta hans har nok gjort sitt til å leie turiststraumar til landet.

Galleri

Litteratur

  • Melkild, Arne. 1993 Kunstnarliv. Leikanger: Skald AS
  • Johansen, Axel Edward. 1988 Adelsteen Normann. Maleren frå midnattsolens land, Bodø: Bodø kunstforening
  • Pedersen, Bjørn Tore. 2009 Adelsteen Normann. Norges fjordmaler. Oslo: Andresen & Butenschøn
  • Norum, Karl. 1895 Festskrift ved afslutningen af Trondhjems Tekniske Læreanstalts 25de læseaar. Norsk Træbygningsstil. Trondheim: Aktietrykkeriet i Trondhjem s. 151

https://tidsaand.no/tidslinjen/1892/november/7/edvard-munchs-utstillingsapning-i-berlin-blir-en-skandale 03.02.2020

  1. Norum, Karl. 1895 Festskrift ved afslutningen af Trondhjems Tekniske Læreanstalts 25de læseaar. Norsk Træbygningsstil. Trondheim: Aktietrykkeriet i Trondhjem