Einar Flydal (1887–1977)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Einar Flydal (fødd 1887 på garden Flydal i Geiranger, død 1977 i Geiranger) var møbelsnikkar og treskjerar. Han hadde hus og verkstad på Vinje i Geiranger.[1] [2] I 1938 utarbeidde kyrkjekunstnaren Per Vigeland ein plan for endringar av interiøret og kustnarleg prydnad av Geiranger kyrkje.[3] Einar Flydal fekk i oppdrag å utføre arbeidet, og av Per Vigeland fekk han stor fridom i utføringa. Flydals arbeid er arbeid av høgste klasse, og vekkjer stor vørnad hos alle som vitjar kyrkja.
Einar Flydal var son av Peder Larsson Flydal og Pernille Edvardsdotter Hole.
Referansar
- ↑ Lillebø, P.A., 1993, Sunnylven og Geiranger. 2 : Gard og ætt. Digital versjon på Nettbiblioteket
- ↑ Folketeljinga 1920
- ↑ Lillebø, P.A., 1999, Sunnylven og Geiranger. 1