Eivindstad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eivindstad (gnr. 36/1/11) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal kommune med adresse Folkestadgata 9.

Eivindstad vart bygd ikring 1910 av Eivind Ånison Solbakken (1854-1936). Han fekk i 1910 feste på 250m2 byggetomt på Prestegarden for 50 år mot 12 kroner årleg leige. Sonen Olav Eivindson Solbakken og kona Anne Andresdtr. budde her ei tid, men flutte ikkje lenge etter frå Fyresdal. Eigedomen vert ofte kalla Solbakken.

Etter det budde Kjetil Olavson N. Lislemomrak her saman med kona Ingebjørg Sigurdsdtr. S. Moghus, då Kjetil døydde i 1915 vart han kalla leiglending.

Elektrikaren Otto Eivindson Solbakken kom til å få Eivindstad og i 1922 fekk han nytt feste på 344m2 for årleg 14 kroner. Festet var 99 år frå 1910. Husa kjøpte han same året frå far sin. I 1926 budde Nils Ottto Syvertsen her, han var dekksmann.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.