Elias Vinje (forretning)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Elias Vinje er ei daglegvareforretning i Sykkylven. Forretninga er ei av dei eldste i Sykkylven og er no tilslutta Sparkjeda.

Firmaet vart grunnlagt i 1912 av Elias Vinje snr. (1883-1949). Han tok over forretninga i huset til kaiselskapet K.S. Brunvoll, og flytte til sitt eige forretnings- og bustadhus, som då nett var ferdig. Varetilbodet tok i første rekkje sikte på å tilfredsstille behovet for bøndene, som i stor mon leverte jordbruksvarer i vederlag for kjøpevarer. Men i tillegg var det ein del industriarbeidarar og andre lønstakarar som vanlegvis handla for pengar, og om somrane ein god del byfolk som trong daglegvarer av ulike slag. Dessutan var det godt utval i manufaktur, skoty, steinty m.m.

Sal av skinn

Forretninga hadde jamn framgang dei første åra. Til hjelp i butikken var det støtt ein butikkgut og to jenter – dertil ekstra hjelp når det trongst. Dessutan var borna i familien og mykje med, etter kvart som dei voks til.

I 1924 tok firmaet over forretninga til Henrik Maude i Langeland-huset i Straumgjerde. Styrar der var m.a. Reinhardt Dalseth, som seinare tok over denne forretninga.

Frå midten av 1920-åra formidla forretninga sal av sølvrevskinn, og Elias Vinje var sjølv medeigar i sølvrevlag. Dessutan var han med og skipa Skandinavisk Amerikansk Pelsdyrkompani, som importerte alsdyr frå Canada og selde dei vidare i Noreg og Sverige.

Daglegvarer og sko

Det var ei god støtte for forretninga då Elias Vinje og kona, Laura, i 1933 starta Vinjes Hotell, seinare Vinjes Gjestgiveri. Til hotelldrifta trongst det varer av ulike slag, og hotellet vart etter kvart den største avtakar av varer frå forretninga.

Utviklinga i industrien skaut fart utover i 1930-åra, og gav utkome til fleire menneske. Slutten av 1930-åra vart difor gode tider for firmaet. Dessutan vart Vinje-huset spart ved brannen i 1939, og handelen kunne halde fram som før.

Etterkrigstida vart også gode år. Folketalet auka, marknaden vart større, og behovet for meir spesialisering i varehandelen melde seg. Lenge konsentrerte firmaet seg om to bransjar: daglegvarer og skoty. Butikken i Vinje-huset vart ei rein daglegvareforretning, medan skotyavdelinga heldt fram i AS Skonytt, der Elias Vinje jr. var med som aksje-eigar. Han var dessutan medeigar i AS Sportsnytt.

Utviding

Elias Vinje senior døydde i 1949, og Elias Vinje junior tok over leiinga av firmaet. Hotelldrifta vart det slutt med i 1960, då Laura Vinje vart sjuk.

I midten av 1980-åra vart forretninga utvidag ved eit tilbygg i ei høgd mot Strandgata. Tilbygget gav plass til eit moderne kjøpesenter for daglegvarer.

Dei siste åra har Ragnhild Hovet stått for den daglege leiinga av Elias Vinje Spar Mat.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.