Elling Endresson Rausand
Hopp til navigering
Hopp til søk
Elling Endresson Rausand (1773-1839) var gardbrukar. Han vart fødd på eit av bruka på garden Bae i Bremsnes sokn, Kvernes prestegjeld. I 1797 vart han gift med enkja Anne Pedersdtr. (1764-1827) på Olivergarden på Rausand (bnr. 7), og dei vart no brukarar her. Saman fekk dei fire born. Etter at kona døydde i 1827, fekk Elling kår på Olivergarden. I 1834 gifte han seg oppatt med Marit Olsdtr (1793-1874) frå Mjølvågen i Kornstad.
23. januar 1814 vart Elling Endresson utnemnd som prestens medhjelpar i Bremsnes sokn. Våren 1814 vart han også valmannn for Kvernes prestegjeld.
Kjelder
- Ministerialbok for Bremsnes sokn 1805-1819, s. 68.
- Holten, Endre: Averøy bygdebok, bd. 2, s. 204.
- Elling Endresson Rausand i Historisk befolkningsregister