Elling Rasmusson Rovde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Elling Rasmusson Rovde (1769-1816) var lærar og klokkar.

Han var fødd i 1769 på garden Rovde (bnr 2) i soknet med same namn, i Herøy prestegjeld. I folketeljinga i 1801 er han registrert på Hestholmen i Herøy, same året som han vart gift med Ragnhild Rasmusdtr. Saunes (1767-1847). Dei fekk tre born saman, men berre eldste dottera vaks opp. Fram til 1807 budde familien på Petterholmen i Herøy, men flytte til Ytre Halle (bnr. 5) i Sande sokn, Herøy prestegjeld, i samband med at Elling Rasmusson vart utnemnd til klokkar i Sande.

Elling var omgangsskulelærar i Sande frå 1790, og i 1806 vart han innsett som klokkar / kyrkjesongar i Sande. I 1813 vart han vaksinatør og dessutan medlem av sokneselskapet. I 1815 fekk han 10 rdl. i premie frå Landhusholdningsselskapet for utskifting og andre forbetringar i jordbruket.

Våren 1814 var Elling Rasmusson valmann for Herøy, eit ombod han også hadde ved seinare høve. Dei vart sagt at dei andre valmennene fekk slik respekt for kunnskapen og dugleiken til Elling at han var påtenkt ei rolle som stortingsmann i 1818, men han døydde alt i 1816.

Kjelder

  • Elling Rasmusen i folketelling 1801 for Herøy prestegjeld fra Digitalarkivet
  • Bjørlykke, J. / Liset, O. / Rabben, B. / Myklebust, O: Sandesoga, bd. 2, s. 44-46.
  • Bjørlykke, J. og O. Liset: Soga om Sande og Rovde, bd. 3, s. 339, 460.

Eksterne lenkjer