Elverhøy kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Denne artikkelen er del av et studieprosjekt, med sluttdato 1. juni 2026. Se redigeringshistorikken for detaljer.
Elverhøy kyrkje
Elverhøy kirke.JPG
Elverhøy kyrkje slik ho står i dag. Foto: Harald Groven (2007)
Sted: Barduvegen 16
Byggeår: 1803
Endringer: Flytta til noverande stad i 1975
Kirkegård: Elverhøy kyrkjegard
Kirkesamfunn: Den norske kyrkje
Bispedømme: Nord-Hålogaland bispedøme
Prosti: Tromsø domprosti
Fellesråd: Tromsø kyrkjelege fellesråd
Sokn: Elverhøy
Arkitekt: Ukjent
Materiale: Tre
Tårn: Vesttårn
Prekestol: 1711
Altertavle: 1689
Sitteplasser: 436
Utsida av Elverhøy kyrkje april 2026, sett frå sør mot nord. Foto: Thomas Erik Andreassen (2026)

Elverhøy kyrkje er ei korsforma soknekyrkje for Elverhøy soknTromsøya, i Tromsø kommune, Troms fylke. Kyrkja har 436 sitteplassar.[1] Ho har vernestatus Automatisk listeført (1650-1850) (C1). Kyrkja var bygd i 1803, men ho har vore rive og bygd opp att to gonger, riktignok aldri på tre dagar.[2] Ho har vore ståande kor ho står i dag sidan 1975. Noko av det som er i kyrkja er endå eldre enn kyrkja. Altertavla er frå 1689, preikestolen er frå 1711 og ljosekronene er frå 1711-1818.

Koret i Elverhøy kyrkje. Foto: Thomas Erik Andreassen (2026)

Kyrkjebygget

Bygginga av kyrkja var i stor grad Prost Rasmus Schielderup den yngres forteneste. Den gamle Tromsø kyrkje var bygd i 1708-1710 og vigsla i 1711 og sto då på Richard Withs plass.[2] Schielderup tykkja den gamle kyrkja var for dårleg vedlikehalden og nedslitt, og at det var høveleg å byggje ny kyrkje når Tromsø fekk bystadsstatus i 1794.[2] Han starta difor arbeidet med å finansiere bygging av ny kyrkje.

Panorama av Sør-Tromsøya. Tromsøysund kyrkje er heilt til høyre. Foto: Hermann Christian Neupert, Mittet & co. (1900)

Kyrkja vart opprinneleg bygd i 1803 som "Tromsø Kyrkje", i Tromsø sentrum, kor Tromsø domkyrkje står i dag.[2] Kyrkja måtte flyttast når Tromsø vart bispesete ettersom Tromsø stift (seinare kalla Hålogaland bispedøme) vart oppretta.[2][3] Kyrkja vart då rive og gjenreist som soknekyrkje for Tromsøysund sokn, sør på Tromsøya ved Strandvegen.[2] Kyrkja fekk då namnet Tromsøysund kyrkje, men vart kalla Landskyrkja på folkemunne.[2] Landskyrkja fekk etter kvart dårleg plass etter som ho vart inneklemnt mellom muséet og sjukehuset (som då var i Strandvegen).[2] Kyrkja vart difor rive og bygd opp att andre gong på byrjinga av 1970-talet. I 1975 sto ho ferdig oppe på Tromsøya der ho står i dag.[2]

Interiøret

Madonnafiguren

På nordsida av koret står ein madonnafigur frå 1400-talet. Figuren sto fyrst i Tromsøs fyrste kyrkje, "Trums kyrkje", bygd på midten av 1200-talet av Håkon Håkonsson. Figuren er datert av professor i kunstvitenskap Jan von Bonsdorff til byrjinga av 1400-talet, ettersom figuren er i "den skjønne stilen" som var rådande då.[4] Bonsdorff trur òg at figuren sto på eit sidealdet mot nord i den fyrste kyrkje, som på den tida var kvinnesida i kyrkja.

Altertavla

Altertavla i kyrkja er frå 1689.[2] Ho var laga av snikkaren "Gram" og den trønderske målaren Peder Andreas Lilje, og forært til kyrkja av kjøpmannen Jon Stephanson Kiil.[4] Altertavla består av fleire delar. Det største biletet er i midten og visar Maria med jesusbarnet, saman med Josef, englar og gjetarar. Det nest største og nest øvste skildrar Jesu gravferd. Nest minst og nederst ser me Jesus som innstifter nattverden under det siste måltidet. Det minste og øvste biletet er vanskeleg å skildre. Jonny Hansen skriv i Elverhøy kirke Tromsøs hellige skrin at det er to menn som halder eit kors og eit anker, symbolene på tro og håp.[2] Men det er mogleg han siktar til skulpturene som står på høgre og venstre sider av maleriet som skildrer Jesu gravferd, ettersom han ikkje nemnar skulpturane for seg.

Mellom biletet av Jesu gravferd og Jesu fødsel kan me lese fyrste delen av ein inskripsjon, til høgre og venstre for biletet av Jesu fødsel er to englar som held den andre og tredje delen av inskripsjonen. Inskripsjonen lyder: "Gud til Ære, Kierken til beprydelse er denne Altertavle til afmindelse efter min forrige, Salige Quinde, maren Hansdatter Hagerup, hvis Legeme hviler til een Ærefuld oppstandelse, her i Tromsens Kierke forærede den 18. mai anno 1869, af den Agtbar og Fornemme Man Jon Stephanson Kiil og den Gudelskende og dyderige Matrone Karen Andersdatter Tynnes."[2]

I 1958 vart altertavla restaurert av dåverande konservator Per Gotaas i perioden juni-desember.[2] Han måtte fjerne tre lag med måling, og eit lag med lakk, slik at det fyrste laget med måling, måla av Peder Andreas Lilje på 1600-talet kom fram og er synleg i dag.[2] Tromsøysund kommune betalte regninga på kr. 10 249,-.

Preikestolen

Preikestolen vart gjeven til Tromsø kyrkje i 1711 av Morten Resen.[2] Han skal visst nok ha betalt og laga preikestolen sjølv, til trass for at han ikkje hadde noko formell snikkarutdanning.[2] Morten Resen var svigersonen til soknepresten på tida, Ole Audunsen.[2]

På preikestolen ser ein dei fire evangelistene med deira tilsvarande symbol ved sida av dei. Frå høgre til venstre ser me Matteus, som har mennesket, Markus, som har løva, Lukas, som har stuten, og Johannes, som har ørna. Symbola kjem frå Johannes' Openberring kapittel 4 vers 7, og er kjent frå kyrkjekunsten med knytting til evangelistane sidan senantikken.[5] Rekkefølgjen på evangelistene gjenspeglar òg deira plassering i Det nye testamentet: Matteus, Markus, Lukas og Johannes. Dei er plassert i den rekkjefylgja av di dei var skriven i den rekkjefylgja ifølgje kyrkjetradisjonen.[6] Moderne kritisk bibelforsking, som starta på 1800-talet,[7] daterer Markus som det fyrste evangeliet.[6] Det er openberr at snikkaren aldri har sett ei løve.

Ljosekronene

Det er fem ljosekroner i kyrkja. Fire av dei var med frå den gamle Tromsø kyrkje frå 1700-talet.[2] Den fyrste har ti armar og vart gjeven i 1714. Den har inskripsjonen: "Jeremias Eliassen Figenschau og Maren Torgers Datter". Den andre vart gjeven av Hans Hansen Berg og hans hustru i 1754. Den største ljosekrona, med 18 armar, vart gjeven av malangsværingen Søren Monsen Andsnes og hans hustru i 1773. Inskripsjonen på den lyder: "Til Guds ære og Kirkens pryd er denne krone foreret af Søren Monsen Andsnes og h. Birgitha Hansdatter Berg Anno 1773." Ljosekrona midt i kyrkja skil seg ut med rike ornamenter og ei tohoda ørn i toppen. Ho har 14 armar og vart gjeven av Wilhelm Olsen Ebeltoft frå Sør-Langnes i 1818. I 1785 gav Hans Sørensen og Lisabeth Eidisdatter frå Stornes i Balsfjord ei ljosekrone til kyrkja på grunn av sin son.

I 1770 vart Eidis fødd til ekteparet, men han var sjukeleg og svak og dei var redd han skulle døy.[2] Dei lova difor at dei skulle gjeve ei ljosekrone til kyrkja om sonen overlevde. Sonen overlevde ikkje berre, han vaks opp til å vere stor og sterk. Ei lokal historie fortel at den same Eidis Hansen ein gong rundt år 1800 flytta ein stein på 371 kilo. Etter å ha vore på fiske i Finnmark, og komen heim til Tromsø vart han nekta å kjøpe ei kanne brennevin på brennevinsutsalet ved Prostneset. Han vart so sint at han fann steinen på 371 kilo i fjæra og plasserte han foran døra til brennevinutsalet. Beteninga måtte difor forhandle med Eidis, og let han få ei gratis flaske med brennevin om han flytta steinen. Han skal ha bore steinen dit den står i dag, på Roald Amundsens plass i Tromsø Sentrum, ikkje langt unna den gamle plasseringa til kyrkja.

Måleria på gallerifrontane

Måleria på gallerifrontane er alle måla av Normann Bakkehaug (1904-1936) med unnatak av eit.[2] Den kunstinteresserte Harald O. Devold, som var sokneprest i Tromsøysund i åra 1912-1919, sto for det siste. Devold var òg den som sørgja for at måleria kom på plass.[2] Det er ti måleri på den søre gallerifronten, åtte på den vestre (kor orgelet er), og elleve på den nordre, til sammen 29. Måleria tar motiv både frå Det gamle testamentet, Det nye testamentet, og norsk og dansk-norsk kyrkjehistorie. Tolkinga av måleria kan varerie, både Kallsboka for Tromsøysund og ein oppgåve av tidlegare rektor ved Tromsø Lærerhøgskole John Skog som kom med i Elverhøy kirke 1803-2003 ligg til grunn for den fylgjande utgreiinga bortsett frå der anna er nemnt.[2]

Frå venstre til høgre ser me på den søre gallerifronten:[2]

Knusinga av avgudsbiletet av guden Tor, kjent frå Olav den Heilages soga. Olav Haraldsson den Heilage. Kong Håkon Håkonssøn. Ecclesia Sanctae Maria de Trums juxte paganos (Kyrkja til den Heilage Maria i Troms ved heidningane), namnet åt kyrkja som Håkon Håkonssøn lot byggje på Tromsøya, kjent m.a. frå eit pavebrev av 15. februar 1308. Martin Luther (tysk prest, munk, doktor i teologien og reformator). Petter Dass (halvt skotsk nordnorsk prest til Alstadhaug, forfattar og salmediktar). "Alstadhaug", måleriet viser jektene som presten til Alstadhaug eigde og dreiv mellom nordnorske fiskevêr og Bergen. Hans Nielsen Hauge, lekpredikant som reiste rundt i heile landet, han kom til Tromsø i 1802. Biskop Mathias Bonsach Krogh, Nordlandenes stifts fyrste biskop i åra 1804-1828, han var òg sokneprest til Alstadhaug, og bispesetet var difor der i hans periode som biskop. Husandakt på Balsnes, dette måleriet er det som er måla av Devold, det skildrar ein husandakt heime hjå medhjelparen hans, Jakob Johansen, far til Anton Jakobsen, ein viktig skapnad i Tromsø og Tromsøysund.

Frå venstre til høgre ser me på den vestre gallerifronten (orgelgalleriet):[2]

Ein seglar på bølgjer. Jesus som stilner stormen (Matteus 8,23-27, Markus 4,35-41 & Lukas 8,22-25) (ikkje nemnt i boka). Jesus går på vatnet og Peter har gått ut og byrjer å synke på grunn av si tvil (Matteus 14,22-23, Markus 6,45-52 & Johannes 6,16-21) (ikkje nemnt i boka). Himmelen/Paradis, kanskje inspirert av Dantes Gudomlege komedie, med ein Lammeskapnad i tillegg (ikkje nemnt i boka).[8][9] David som spelar på lyre for kong Saul (1. Samuelsbok 16,14-23). Peter vert kalla til å vere Jesu disippel (Matteus 4,18-22, Markus 1,16-20 & Lukas 5,1-11). Nordnorsk fiske, truleg inspirert av dei andre båtrelaterte bibelmotiva. Kyrkjehelg, me ser folk som ror over sundet i finstasen.

Frå venstre til høgre ser me på den nordre gallerifronten:[2]

Dei heilage tre konger hyller Jesus som kongen over jødane (Matteus 2,1-12). Thomas Kingo (1634-1703), skotsk-dansk prest, biskop og salmediktar som laga ei salmebok i 1699 som vart brukt i heile Danmark-Noreg. Jesu dåp (Matteus 3,13-17, Markus 1,9-11 & Lukas 3,21-22). Hans Adolph Brorson (1694-1764), pietistisk dansk prest, biskop og salmediktar. Jesu i Getsemane hage (Matteus 26,36-46, Markus 14,32-42 & Lukas 22,39-46). Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783-1872) viktig dansk skapnad både kyrkjeleg og politisk, spesielt innan kristen og historisk folkeopplysing, kjent i Noreg som mannen bak folkehøgskolen og som salmediktar.[10] Krossfestinga (Matteus 27,35-56, Markus 15,20-32, Lukas 23,26-34 & Johannes 19,17-27). Magnus Brostrop Landstad (1802-1880), norsk prest, salmediktar og folkeminnesamlar frå Finnmark, salmeboka hans sto ferdig i 1869 og vart revidert av Gustav Jensen i 1924, begge vart brukt mykje i Den norske kyrkje. Jesu oppstode (Matteus 28,1-7, Markus 16,1-10, Lukas 24,1-12 & Johannes 20,1-10). Elias Blix (1836-1902), nordnorsk målmann, lærar, doktor i hebraisk, prest, salmediktar og kyrkjeminister (1884-1889) som gjekk på lærarhøgskulen i Tromsø. Kristi Himmelfart (Markus 16,19, Lukas 24,50-51 & Apostelgjerningane 1,9-11).


Votivskipet

På midten av 1920-talet fekk kyrkja votivskipet "Salarøy", som tyder Kvaløy, av Olav Leidulf Jensen Solvang frå BakkejordKvaløya.[2] Skipet er ein modell av ei jekt. Eit viktig skip i nordnorsk samanheng. Votivskip, ofte kalla kyrkjeskip på folkemunne, men som òg er namnet på delen av kyrkjerommet som kyrkjelydden sitt i, er kjent frå alle stader med tilknyting til havet og er ein del av den dansk-norske kyrkjetradisjonen. Jensen var konfirmant i Tromsøysund kyrkje i 1917, då den kunstinteresserte soknepresten Harald O. Devold var sokneprest. Soknepresten vart klår over Jensens kunsteriske evner og gav han i oppdrag å lage ein skipsmodell til kyrkja.

Orgelet

Orgelet vart bygd opp saman med kyrkja når ho vart flytta dit ho står i dag i 1975 av firmaet Moser & Pierrot, òg kjent som Vestlandske Orgelfabrikk.[2] Orgelhuset var produsert av orgelbygger Adolf Fosnæs frå Steinkjer i 1899. Mesteparten av pipene er frå eit orgel produsert av den tyske orgelfabrikken Walcker i 1930. Det "nye" orgelet viste fort teikn på aldring, men det var dei nyaste delane som var i dårlegast stand.[4] På starten av 2000-talet vart heile orgelet demontert, alle delar var justert og øydelagte delar bytta ut, og orgelet vart reingjort med såpe og vatn, montert att og stemt. Arbeidet var gjort av tyske Führer Orgelbau, som òg har bygd orgelet i Grønnåsen kyrkje. I 2003 var det klårt at det måtte koma eit heilt nytt instrument i kyrkja, men det har endå ikkje komen til kyrkja, ettersom pengane framleis vert samla inn. Kyrkjelyden ynskjer eit 20-stemmers orgel som er budsjettert til mellom fem og seks millionar kroner.[2]

Fotnoter

  1. Elverhøy kirke, Tromsø. Den norske kirke. https://www.kirken.no/nb-NO/sokeside-kirken.no?buildingid=01a02a44-d31a-4e46-9aa5-dc39bcff3592
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 2,18 2,19 2,20 2,21 2,22 2,23 2,24 2,25 2,26 2,27 "Elverhøy kirke Tromsøs Hellige Skrin". Utg. Elverhøy Menighetsråd. Tromsø. 2020.
  3. Thorsnæs, Geir; Svendsen, Trond Olav; Engerengen, Lars: Tromsø i Store norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Troms%C3%B8
  4. 4,0 4,1 4,2 Elverhøy kirke 1803-2003. Utg. [Elverhøy menighetsråd]. Tromsø. 2003. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Seim, Turid Karlsen: evangelistsymboler i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 7. april 2026 fra https://snl.no/evangelistsymboler
  6. 6,0 6,1 Det nye testamentet (NT). Bibelselskapet. https://bibel.no/om-bibelen/laer-om-bibelen/biblioteket-bibelen/det-nye-testamentet-nt
  7. The Letter and Spirit of Biblical Interpretation: From the Early Church to Modern Practice. Utg. Baker Academic. 2018.
  8. Alighieri, Dante; Cary, Henry Francis (ed) (1892) "Canto XXXI" in The Divine Comedy by Dante, Illustrated, Complete, London, Paris & Melbourne: Cassell & Company. https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Paradiso_Canto_31.jpg
  9. Den guddommelige komedie i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 7. april 2026 fra https://snl.no/Den_guddommelige_komedie
  10. Roos, Merethe: Nikolai Frederik Severin Grundtvig i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 7. april 2026 fra https://snl.no/Nikolai_Frederik_Severin_Grundtvig

Kjelder

Elverhøy kirke 1803-2003. Utg. Elverhøy menighetsråd. Tromsø. 2003. Digital versjonNettbiblioteket.

Elverhøy kirke Tromsøs Hellige Skrin. Utg. Elverhøy menighetsråd. Tromsø. 2020.