Elverhøy kyrkje
Elverhøy kyrkje er ei korsforma soknekyrkje for Elverhøy sokn på Tromsøya, i Tromsø kommune, Troms fylke. Kyrkja har 436 sitteplassar.[1] Ho har vernestatus Automatisk listeført (1650-1850) (C1).[1] Kyrkja var bygd i 1803, men ho har vore rive og bygd opp att to gonger, riktignok aldri på tre dager[2].[3] Ho har vore ståande kvar ho står i dag sidan 1975.[3] Noko av det som er i kyrkja er endå eldre enn kyrkja. Altertavla er frå 1689, preikestolen er frå 1711 og lysekronene er frå 1711-1818.[3] Kyrkja har òg ein Madonna-figur som er datert av professor i kunstvitenskap Jan von Bonsdorff til byrjinga av 1400-talet, ettersom figuren er i "den skjønne stilen" som var rådande då.[3]
Kyrkjebygget
Bygginga av kyrkja var i stor grad Prost Rasmus Schielderup den yngres forteneste. Den gamle Tromsø kyrkje var bygd 1708-1710 og vigsla i 1711 og sto på Richard Withs plass.[3] Schielderup tykkja den gamle kyrkja var for dårleg vedlikehalden og nedslitt, og at det var høveleg å byggje ny kyrkje når Tromsø fekk bystadsstatus i 1794.[3] Han starta difor arbeidet med å finansiere bygging av ny kyrkje.
Kyrkja vart opprinneleg bygd i 1803 som "Tromsø Kyrkje", i Tromsø sentrum, kvar Tromsø domkyrkje står i dag.[3] Kyrkja måtte flyttast når Tromsø vart bispesete ettersom Tromsø stift (seinare kalla Hålogaland bispedøme) vart oppretta.[3][4] Kyrkja vart då rive og gjenreist som soknekyrkje for Tromsøysund sokn, sør på Tromsøya ved Strandvegen.[3] Kyrkja fekk då namnet Tromsøysund kyrkje, men vart kalla Landskyrkja på folkemunne.[3] Landskyrkja fekk etter kvart dårleg plass etter som ho vart inneklemnt mellom muséet og sjukehuset (som då var i Strandvegen).[3] Kyrkja vart difor rive og bygd opp att andre gong på byrjinga av 1970-talet. I 1975 sto ho ferdig oppe på Tromsøya der ho står i dag.[3]
Altertavla
Preikestolen
Fotnoter
- ↑ 1,0 1,1 Elverhøy kirke, Tromsø. Den norske kirke. https://www.kirken.no/nb-NO/sokeside-kirken.no?buildingid=01a02a44-d31a-4e46-9aa5-dc39bcff3592
- ↑ Johannes 2,19-21
- ↑ 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 "Elverhøy kirke Tromsøs Hellige Skrin". Utg. Elverhøy Sokneråd. Tromsø. 2020.
- ↑ Thorsnæs, Geir; Svendsen, Trond Olav; Engerengen, Lars: Tromsø i Store norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Troms%C3%B8