Erik Pedersson Koksvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Erik Pedersson Koksvik (ca. 1775-1868) var lensmann.

Han vart fødd på garden Tveekrem (Inner Øygarden) i Tingvoll prestegjeld. Faren hans, Peder Evensson (1732-1808), var lensmann i Gagnat tinglag frå 1762, ei stilling Erik Pedersson seinare overtok. Erik Pedersson vart i 1801 gift med Eldri Johannesdtr. Strupnes (1774-1842). Året før hadde han kjøpt husmannsplassen Haltbakken på farsgarden Tveekrem, og Erik Pedersson og kona er registrerte på denne plassen i folketeljinga i 1801. På dette tidspunkt hadde Erik Pedersson allereie teke over stillinga som lensmann etter faren, og i hushaldet er det registrert ein lensmannsdreng i tillegg til ekteparet. I 1809 fekk Erik Pedersson bygsel på Koksvika (bnr. 1) i same sokn/prestegjeld. Denne garden vart brukt til presteenkesete, og i 1818 måtte Erik Pedersson overlate garden til ei presteenke og forpaktaren hennar. I 1820 fekk så Erik Pedersson bygsel på garden Vasselen i Frei sokn, Tingvoll prestegjeld. Her bygde han m.a. opp ein «lysthage» med eit lysthus, omkransa av ein steinmur. I 1830 fekk han og kona kår på denne garden. Kona døydde i 1842, og Erik Pedersson vart to år etter gift for andre gong med enkja Ane Tronsdtr. Bøyfot (f. 1778). Etter dette flytta paret til Bøyfot på Aspøya, som etter 1827 tilhøyrde Kristiansund prestegjeld. Erik Pedersson døydde i 1868 som enkjemann og kårmann på garden Kjerringvik i Straumsnes sokn, Tingvoll prestegjeld.

Etter tradisjonen skal Erik Pedersson som lensmann ha vore hard til å drive inn skattar, og på folkemunne vart han av den grunna kalla «Gammel-Erik». Våren 1814 var han valmann for Tingvoll prestegjeld.

Kjelder:

  • Arkivverket. Digitalarkivet. Folketeljinga 1801. Tingvoll prestegjeld.
  • Hyldbakk, Hans, Gards- og ættesoge for Tingvoll, bd 3, s. 311-314.
  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr., Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, s. 329.
  • Roaldset, Ottar, Gards- og ættesoge for Straumsnes, bd. I, s. 57-58, 65-66, bd. 2, s. 576.