Esten Trøan

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Esten Embretssen Trøan (fødd i Os i Østerdalen 1809, død 18. august 1887 i Madison, Dane county, Wisconsin), var gardbrukar, handelsmann og aktivist i Thrane-rørsla. Han vart dømd til tre års tvangsarbeid for deltakinga i denne oppreisten. I 1857 emigrerte han til Amerika. Han hadde da vore enkjemann i over 10 år.

Oppvekst og familie

Esten Trøan var fødd og oppvaksen på garden Trøan i Dalsbygda i Os. Han var son av Embret Estensen Trøan (1875-1860) og Berit Solandsdotter (1783-1836) frå Nirstun Østgarden, også i Dalsbygda. Esten var den eldste av ein syskenflokk på sju. Han var dotterson av Soland Jonsen Østgaard, nevø av Michael Østgaard og syskenbarn med Nikolai Ramm Østgaard. Av syskena på Trøan er særleg Anders (1812-1872) og Mikkel (fødd 1817) kjende.

Esten Trøan gifta seg i 1836 med Kari Embretsdotter frå garden Os i Os (1807-1846). Dei to fekk sju born. Tre av dei døydde som småbarn. Av dei som voks opp, utvandra to gutar til Amerika og ein til Bardu, medan den eldste dottera vart gift på ein gard i Os.

Gardbrukar, handelsmann og anna

Esten og Kari dreiv farsgarden hans (bnr. 19 Trøan av gnr. 131 Breen) frå 1834 til 1841. Så selde dei garden til Estens bror Soland, og tok i staden til på Bakos (gnr. 115.1) i same bygda. Esten og Kari skal seinare ha vore på garden Myre, og deretter skal Esten ha opphalde seg mykje på Røros, venteleg mest etter at kona døydde. Dei to ektefolka dreiv handel og vart omtala som Kjøpmanns-Esten og Kjøpmanns-Kari. Esten skal også ha opptrådd som (ufaglærd) sakførar for folk.

Han hadde openbert skaffa seg kunnskapar og interesser utanom det tradisjonelle jordbruket. Det er kjent at han i ungdommen saman med brørne sine og andre unge menn frå bygda danna ein fast krins som hadde som føremål nettopp å skaffe seg kunnskap og styrke tenkjeevna. Brørne Anders og Mikkel skaffa seg da også formell utdanning og vart skulefolk i Christiania.

Thranitten

Esten Trøan engasjerte seg sterkt i Thrane-rørsla. Han var utsending for arbeidarforeiningane i Røros, Os, Tolga og VingelenLilletinget i juni 1851. Etter at oppreisten var slått ned, var Esten dømd og straffa for brotsverk mot statens sikkerheit. I underretten var dommen 10 års fengsel, men i Høgsterett vart straffa nedsett til tre års tvangsarbeid. (Thrane sjølv fekk dom på fire år i båe instansane.)

I likskap med Thrane og ein del andre thranittar drog Esten Trøan til Amerika etter soninga. Det er uvisst kor samordna utvandringa hans var med dei to sønene som også fór til Amerika: Embret (fødd 1840, emigrasjonsår ukjent) og Ola (fødd 1844, emigrerte 1860). Esten Trøan sjølv reiste i 1857.

Kjelder og litteratur

  • Bjørklund, Oddvar: Marcus Thrane. Sosialistleder i et u-land. Tiden, Oslo 1970. (Opphavleg utgjeven som Marcus Thrane. En stridsmann for menneskerett og fri tanke. Tiden, Oslo 1951.)
  • Gjermundsen, Jon Ola: Bygdebok for Os. Bygda og folket. Bind I. Os kommune 1999.
  • Røst, Olaf: Minder fra Hjembygden. Kristiania 1883.
  • Familysearch.org: ”Wisconsin Deaths and Burials 1835-1968”.
  • Esten Trøan i Historisk befolkningsregister.