Ester Seem (1913-1969)
Ester Seem (født 6. februar 1913, død 28. april 1969) var frisør i Grong.
Liv og virke
Ester Seem vart født i Overhalla, og var dotter av handelsstyrar og agent Anders J. Seem (1886-1957) og Ingerid Grong (1885-1954). Her budde dei framleis i folketeljinga 1920, da dei var busett på Granly av Ranum. Begge foreldrane var opphavleg frå Grong, og dit flytte dei seinare: I 1952 busette dei seg på Besserud av Medjå.[1]
Ifølgje oppslagsverket Det norske næringsliv fekk Ester Seem ei grundig frisørutdanning med mangeårig opphald i Oslo, der ho òg avla svenneprøva, men i 1941 flytta ho til Grong, der ho den 19. august opna «Frisersalong og fotpleie».[2]
I 1946 fortel Det norske næringsliv at salongen låg i moderne lokale på sentral plass, rett ved hovudvegen og derfor lett tilgjengeleg for gjennomreisande, og at drifta omfatta dame- og herrefrisering, venleikspleie og fotpleie. Seem hadde planar om å utvide drifta og finne eit større lokale, men i 1946 var det vanskeleg «å skaffe apparater til en større forretning».[3] Ikkje desto mindre vart salongen flytta til Hegli hotell ved Grong stasjon i 1947.[4]
Seem døydde i Oslo i 1969 «etter et langt sykeleie», og vart bisett frå Østre krematorium.[5] Ho var ugift.
Fotnoter
- ↑ Grong bygdebok, side 210.
- ↑ Namdalen, 21. august 1941, side 3. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Det norske næringsliv, side 321.
- ↑ Namdal arbeiderblad, 11. september 1947, side 3. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Namdal arbeiderblad, 30. april 1969, side 5. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Litteratur
- Det norske næringsliv 3 : Nord-Trøndelag fylkesleksikon. Det norske næringslivs forlag, Bergen, 1946. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Strand, Jørgen P.: Gnr. 24-31, bind 2 av Grong bygdebok. Utg. Grong bygdeboknemnd. Grong. 1991. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder
- Ester Seem i Døde 1951-2017 fra Digitalarkivet.
- Ester A. Seem i folketeljinga 1920 for Overhalla herred frå Digitalarkivet