Ettestøl (Vegårshei gnr. 42/1)
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Ettestøl | |
|---|---|
| Alt. navn: | Efterstøl |
| Først nevnt: | 1668 |
| Fylke: | Agder |
| Kommune: | Vegårshei |
| Gnr.: | 42 |
| Bnr: | 1 |
| Adresse: | Ettestølveien 391 |
Ettestøl er eit gardsbruk i Vegårshei kommune. Det ligg ved Ettestølveien, som det òg har gjeve namn til. Ettestøl er fyrst og fremst ein skoggard, med om lag 473 mål produktiv skog, 88 mål anna mark (myr?), 7 mål innmarksbeite og 13 mål dyrka jord.
Garden ligg sørvest for Ettevann og har truleg namnet sitt frå dette. Fyrsteleddet ett (norrønt: «elptr») tyder svane. Sjå også Eftestøl i Kvinesdal.
Kjelder og litteratur
- Gardskart og arealopplysningar frå NIBIO.
- Norges matrikel : matrikulerede eiendomme og deres skyld den 1. juli 1905 i Nedenes amt. Utg. Stenersen. Kristiania. 1906. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 7.
- Matrikkelutkastet 1950 på Stadnamnportalen.
- Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne - bind 8, s. 8.