Filsamtale:Landskap - no-nb digifoto 20150217 00039 NB MIT FNR 07747.jpg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fantastisk blinkskot av eit bilete, og eit vanleg syn, frå vestlandsfjord (Rogaland til Sunnmøre) i likaste sildetida. Nybygd veg seier etter 1945, truleg ca 1950, kan vere til så vidt etter 1960 (ein påbyrja tunell fortel om fonnefare). Med full oppløysing i bilete ser vi seks normale 7 - 10-manns notlag i kast under bratte fjell. Notlag er notbåt, loddebåt og slepar. Båten. Stor notgavl, ein 40-foting (her fanns visst enkelteksemplar opp til 60 fot). Etter rorplassering i høve til fiskeriregister kan den ha opplyst lengde mellon 38 og 43 fot, altså LOA = 13 m (for samanlikning sjå: Englandsfarten II, Ragnar Ulstein s. 48 b. Mg Snål. Den var mest truleg bygd i Herand i indre Hardanger, alternativt bygd i Sund i Sund kommune. Gavlbåtar vart bygd få plassar). Ein stamn på slepar i venstre biletkant. Kravelbygd, byggeår litt før 1929 eller etter 1931, Må = åpen motorbåt (ref. fiskerireg.: dekk i deler av båten, til litt bak rorhuset og litt dekk bak. Nota ligg i botnen, det er 0,5 m gangvegar på begge sider. Rorhuset er tidleg type med lite glas i. Framme står snurpewirerull som fortel at nota er snurpenot. Her er ikkje motordriven sute/notrull, det tilseier at vi er før 1940. Då vart brukt spjakespel. Lugar framme, 20/40 HK semidiselmotor under rorhuset (med bakgrunn i kaising under rorhus. Høgd under rorhus måtte aukast. Praktisk i lugaren og, du fekk lys inn og fekk stå rett i romet. Båten fekk gjerne utnamn Nasebjønn av denne byggemåten). Fiskerinr dessverre ikkje råd å lese med høgste oppløysing. Men spesifikt kvar, nei det......--Oddvar Høydalsvik (diskusjon) 18. nov. 2018 kl. 12:35 (CET)

Takk for interessante opplysningar. Om vi ikkje er i mål med kvar, kom vi langt med kva. Chris Nyborg (diskusjon) 19. nov. 2018 kl. 08:39 (CET)

Begynn en diskusjon om siden «Fil:Landskap - no-nb digifoto 20150217 00039 NB MIT FNR 07747.jpg»

Start en diskusjon