Finnsnes hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bondeheimen på Finnsnes annonserte i Norsk Militært Tidsskrift nr. 11 i 1960.

Finnsnes hotell, med dei tidlegare namna Bondeheimen og Finnsnes hotell Bondeheimen, sto ferdig i 1956. Det ligg i Torggata 17 på Finnsnes, Senja.

Finnsnes var fram mot 1950 i ferd med å utvikla seg til ein aktiv bygdeby, og det blei fort tale om å bygga Bondeheim og Kaffistove på staden. Jørgen M. Eriksen var leiar i byggekomiteen og seinare styreleiar for bedrifta. Opprinneleg eineeigar var Troms Ungdomsfylking (TUF), som hadde kjøpt tomta på Finnsnes i 1950 av Sevaldsen. Arkitekt for hotellet var Jens Dunker frå Oslo.

Fram til 1968 vart hotellet drive med 11 rom, men vart dette året utvida med ein ny fløy. I 1986 kom enda eit nybygg, og restaurant- og møtekapasiteten auka. Mellom 1990 og 1993 vart hotellet på ny renovert og fekk mellom anna ny bar.

Hotellet skifta i 1992 offisielt namn frå Bondeheimen til Finnsnes hotell.

11. juni 1994 vart restaurant- og konferanseavdelinga til hotellet totalskadd av brann, men opna att utan dei nemnde avdelingane 1. september same år. Året etter kom dei på plass igjen, saman med ein dansebar.

Finnsnes hotell vart i 1996 ein del av Rica-kjeden, men avtalen vart sagt opp i 2005, og per 2021 er hotellet sjølvstendig. I 2013 hadde hotellet fleire aksjonærar: TUF 50 %, Saga hotell AS 46 % og Tromsø Travel Hotel AS 4 %. Frå 2014 eigde Saga hotell AS 86 % og Tromsø Travel Hotel AS 14 %.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer