Finnøy prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hesby kyrkje var hovudkyrkja i prestegjeldet.

Finnøy prestegjeld var eitt av Den norske kyrkja sine prestegjeld i Rogaland. Frå mellomalderen av hadde det to sokn, hovedsoknet Hesby (Finnøy) og annekssoknet Talgje.

Ridder, riksråd, drottsete og sysselmann Ogmund Finnsson bodde på storgården og hovedsetet Hesby (Hæstby) på Finnøy i Ryfylke. I eit vitnesbyrd frå 1361 nemnast presten Jon Bardarsøn som vitne over at arven etter Ogmund skal tilfalle en frende i farsætten Tore Uspaksson. Det er oppført eit minnesmerke over Ogmund Finnsson ved Hesby kirke på Finnøy.

På 1900-talet vart Sjernarøy sokn overført frå Nedstrand prestegjeld, slik at prestegjeldet fekk same utstrekking som Finnøy kommune. Etter avvikling av prestegjelda i 2000-åra vart området lagt under Finnøy kyrkjelege fellesråd. I 2020 vart Finnøy kommune del av Stavanger kommune, og dermed tok Stavanger kyrkjelege fellesråd over.

Litteratur