Fjord Cadenza
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fjord Cadenza er ein musikkfestival og eit akademi som vert arrangert kvar sommar i Skodje, Ålesund kommune på Sunnmøre. Den fyrste festivalen vart halden sommaren 1993.
Fjord Cadenza tilbyd opplæring av profesjonelle instruktørar. Målgruppa er unge musikarar med interesse og talent for vidareutvikling innanfor instrumentalmusikk, song, klaverspel og direksjon. Samstundes blir det halde fleire konsertar og ei kunstutstilling.
Kjelder og litteratur
- Heimeside.
- Bygdebladet 1993.06.16. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Skodjesoga. Band 2 : Ved allfarvegen : frå 1894 til 2020. Utg. Museumsforlaget. Trondheim. 2021. Digital versjon på Nettbiblioteket.