Fjording

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein fjording på beite på Hjerl Hede i Danmark.
Foto: Tomasz Sienicki
Fjordinghoppe med føll i Asker utenfor Oslo.
Foto: Leif-Harald Ruud (2003).

Fjording eller fjordhest er ein vestnorsk hesterase. Han blir rekna som det norske nasjonalhesten.

Kjenneteikn

Fjordingen er kjenneteikna med den meir eller mindre blakke fargen sin og med den såkalla ålen — ei mørk stripe frå manke til hale på kvar side av det lysare, gjerne kvite, midtfeltet av manen. Fjordingar med broten eller manglande ål blir ikkje godkjende. Tradisjonelt blir fakset klipt, slik at fjordingen får ein ståande man. Vanleg mankehøgd er kring 135–150 cm, men høgder ned i 125 og opp i 155 er ikkje uvanlege. Den blakke fargen finst i fem godkjende nyansar: brunblakk, raudblakk, ullsblakk, grå og gulblakk.

Fjordingen er hardfør og allsidig og kan bli bruka til mykje forskjellig. Han eignar seg bra som trekkhest. Fjordingen stammar opphavleg frå den eldste typen nolevande hest i verda, den utryddingstruga przewalskihesten, og han er ein av dei hesterasane i verda som liknar mest på den opphavlege hesterasen.


Bruk

Fjordhestar har oftast godt gemytt, og dei eignar seg ofte som førstehest. Dei blir òg mykje bruka til køyring og anna tungt arbeid. Fjordingen har i dei siste tiåra vorte utvikla til å bli ein god ridehest òg. Fjordingen var viktig i landbruket på mykje av Vestlandet fram til traktoren tok over utetter 1900-talet.

Kvart år blir fjordhest-NM for junior og senior arrangert. Da blir det konkurrert i dressur, sprang og køyring. For å vinne fjordhest-NM må ekvipasjane ta del i alle tre greinene.

I Frankrike har dei ole fram ein eigen hesterase basert på fjording og blanda med ymse andre hesterasar. Desse hestane heiter Henson[1]. Dei blir blant anna bruka til Polocrosse[2] og til Horseball.

Galleri

Lenkjer

Kilder og litteratur