Flaggsaka

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Flaggsaken»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Unionsmerket, «Sildesalaten», var eit kjernespørsmål i striden om flagget på 1800-talet.
Fredrik Meltzer sitt forslag til nytt flagg, 1821.

Flaggsaka var ein av dei store debattane i forkant av unionsoppløysinga. Den starta allereie i 1814, så Norge kom inn i union med Sverige, men det var særleg debatten i tida frå kring 1870 til 1899 som fekk høg temperatur. Frå å vere først og fremst ei symbolsak vart flaggsaka eit politisk spørsmål, som Venstre gjorde til ei merkesak. Striden endte med at det reine, norske flagget vart godkjend som handels- og nasjonalflagg i 1899, medan orlogsflagget med unionsmerke vart nytta fram til 1905.

Bakgrunn

I februar 1814, etter av Noregs sjølvstende var proklamert, godkjende Christian Frederik eit eige norsk flagg. Det var utforma som det danske flagget, Dannebrog, men med den norske riksløven i øvre, høgre felt. I novembergrunnlova heitte det at Noreg hadde rett til eit eige koffardieflagg (handelsflagg), medan orglogsflagget skulle vere eit unionsflagg. Året etter vart orlogsflagget vedteke, felles for Noreg og Sverige. Det var eit splittflagg utforma som det svenske flagget, men øvre, høgre felt var raudt med eit kvitt andreaskors. Det same flagget, utan splitt, vart òg vedteke som felles handelsflagg i 1818. I norske farvatn nytte dei fleste fram til 1821 Christian Frederik sitt flagg, men i utanriksfart segla norske skip gjerne under det svensk-norske handelsflagget. Særleg var det nyttig i Middelhavet, sidan Sverige betala tributt til røvarstatane, og såleis hadde vern mot piratar. Norske skip hadde òg rett til å segle under det reine svenske flagget.

I 1821 kom saka opp i Stortinget. Ein flaggkomité kom i april med heile atten forslag, og gjekk inn for eitt frå kjøpmann Gabriel Schanche Kielland, ein omarbeidd variant av det og eitt sendt inn av ein komité av borgarar i Bergen. To av dei, Kielland sitt og det frå Bergen, hadde kvit duk med eit blått kors – altså som det finske flagget – og begge hadde riksløven med på kvar sin stad i flagget. Kielland hadde òg med fem stjerner eller maltesarkors som symbol på dei fem bispedøma. Komiteen sitt forslag hadde eit kvitt kors mellom raude og blå rektanglar. Kort tid før behandlinga lanserte Fredrik Meltzer eit eige alternativ. Han hadde vore med i Bergenskomiteen, men villa no ha komiteen sitt forslag, men utan løven. Grunngjevinga for det var at det var viktig at flagget kunne kjennast att på lang avstand, og kompliserte figurar var difor ikkje egna. Han syntest òg at raudt, kvitt og blått var ein god kombinasjon som symboliserte fridom, og viste til dei franske, amerikanske og britiske flagga.

Meltzer sitt forslag vart godt motteke, og saka vart utsett til mai same året. I mellomtida omarbeidde Meltzer forslaget til eit kvitt og eit blått kors i kvarandre på raud botn – det vi i dag kjenner som det norske flagget. Lagtinget godkjende dette den 16. mai 1821. Dei meinte ikkje berre at det var eit godt flagg; det var og ein fordel at ein kunne sy om danske flagg ved å setje inn eit blått kors. Karl Johan godkjende flagget ved kongellig resolusjon av 13. juli 1821. Den 17. same månaden kom ein ny resolusjon at at det berre kunne nyttast i nordlege farvatn; sør for Kapp Finisterre skulle ein framleis nytte unionshandelsflagget frå 1818.

I 1844 kom ein ny runde. Oscar I innførte då nye flagg, der kvart land hadde eigne handels- og orlogsflagg, men med eit felles unionsmerke i øvre, høgre hjørnet. Dette er det som fekk tilnavnet sildesalaten. Det var ein liten skilnad mellom det norske og det svenske merket, for det svenske flagget hadde rektangulære felt, mens dei høgre felta i det norske var kvadratiske. Sjølve unionsmerket vart nytta som gjøs på marinefarty i den kvadratiske forma, og som delles diplomatisk flagg i den rektangulære forma.

Striden tar til

Den aukande motstanden mot unionen førte til at unionsmerket vart stadig meir upopulært i Noreg. I 1870-åra tok debatten verkeleg til, med mellom anna Bjørnstjerne Bjørnson som ein sentral talsperson for det reine norske flagget. Det var særleg bland sjøfolk at det var motstand mot å endre flagget; dei såg det praktiske i å segle under svensk-norsk flagg.

Den første drøftinga på Stortinget kom i 1879, då eit forslag fra redaktør Hagbard Emanuel Berner, formelt fremma av Johan Sverdrup, om å fjerne sildesalaten vart forkasta. Nokre år seinare tok Venstre opp saka i sitt program, og dei fekk gjennom vedtak om det reine norske flagget i 1893 og 1896. Både gonger nekta Oscar II å sanksjonere vedtaka. Først de det hadde vorte vedteke for tredje gong i uforandra form i 1898, vart det det 15. desember det året erklært som lov utan Kongen sin sanksjon, i tråd med § 79 i Grunnlova. Det tok tid før lova kunne tre i kraft, men den 15. november 1899 vart det reine flagget utan sildesalaten for første gongen heist på Stortingsbygningen.

Medan handels- og nasjonalflagget var definert i ein flagglov, var orlogsflagget omhandla i Grunnlova. Derfor var det ikkje før den 9. juni 1905 at det reine orlogsflagget utan unionsmerke kunna nyttast.

Flaggsaka var eigentleg mindre viktig enn sakar som innføring av parlamentarismen og konsulatsaka, men som det ofte er med symbolsaker fekk saka ein sentral plass i den folkelege motstanden mot unionen, og var såleis et viktig skritt på vegen mot oppløysinga i 1905.

Litteratur og kjelder