Flofjellsvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flofjellsvegen ved Nedstevatnet i Sunnylvsbygda
Flofjellsvegen ved Stegholsvatnet på fylkesgrensa.

Flofjellsvegen er ein gamal ferdsleveg over fjellet mellom Sunnylvsbygda i Stranda kommune og grenda Flo i Stryn kommune. Allereie Hans Strøm omtalar vegen i skildringa si av Sunnmøre frå 1764-66. Dei øvste gardane på Sunnylvssida, Brekke og Vollset, høyrde faktisk til Oppstryn sokn fram til 1848. Dei laut da krysse Flofjellet for å kome til kyrkje og utføre offentlege ærend.

Overgangen passerer tre vatn. Rekna frå Sunnylvssida er det Nedstevatnet, Stegholvatnet der kommune- og fylkesgrensa delar vatnet i to og Ångelsvatnet. Det er elles Stegholsvatnet som har vore problematisk for ferdsla; der er det høge hamrar rett i vatnet på båe sider. Det måtte ofte brukast båt for å kome forbi her.

Det ligg fleire setergrender langs vegen: Nedstevassetra, Øvre-Flosetra og nedre-Flosetra.

I 1888 søkte grunneigarane på Flo om bidrag til å bygge veg, og kom i gang med bygginga. Men det var ikkje før det vart igangsett vegarbeid i mellomkrigstida at det kom rideveg langs Stegholsvatnet. I dage r dette ein populær gang- og sykkelveg.

Når ein kjem over frå nordafrå og får oversyn over Oppstrynsvatnet, høgfjellet og breane mot himmelen i sør er det ei «ugløymande oppleving», skriv Ragnar Standal; det var her Per Bolstad vart inspirert til å skrive den kjende slåtten «Fagre Stryn».

Kjelder