Folketeljinga 1855

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Folketellingen 1855»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Folketeljinga 1855 var ei numerisk folketeljing frå 31. desember 1855. Frå nokre få sokn finst det namnelister, truleg materiale som vart nytta som kladd under arbeidet med tellinga.

Teljinga viste at det var 1 490 047 innbyggjarar i Noreg. Av desse budde 197 815 i kjøpstader eller ladestader, medan 1 292 232 budde på landet. Folkemengden i byane hadde auka med 22,20 % sidan folketeljinga 1845, og på landet med 10,77 %; totalt var auka på 12,16 %.

Namnemateriale

Det er lagt ut namnelister frå seks sokn på Digitalarkivet: I Møre og Romsdal er det lister frå Kornstad, Kvernes, Bremsnes og Grip, i Nordland frå Bodø bysokn og i Finnmark frå Vardø bysokn. Sjå lenke til søkeside under.

Litteratur og kjelder

Eksterne lenkjer