Forankringsmast 83 på overføringslinja frå Ørskog til Sogndal.

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Slik ser mast 83 ut når den er ferdig montert. Foto er frå same dagen som fasane vart ferdig med koblings-stykke. Dei to topplinene er til jording og fiber. Montørane var italienarar så det vart lite prating.

I Høydalen på sørsida av Austefjorden, Volda kommune, har det vore stor aktivitet sidan våren 2012. Statnett bygg overføringslinje mellom Ørskog og Fardal, det er eit stort annlegg som sjølvsagt merkast i ei lita bygd. Linjetrasèn går i skogsmark på vestsida av elva og store deler av granfelt vart difor hogde ut. Det vart bygt lunneplassar og eldre vegar måtte oppgraderast. Når grunnarbeidet med mastefundament kom i gang vart mestedelen av transport til desse gjort med helikopter. Slikt som forskalingsmaterial, armering, betong og liknande. Til mange av punkta vart også arbeidslaga frakta med helikopter.

Statnett skriv: En 280 km lang 420 kV kraftledning fra Ørskog transformatorstasjon til Sogndal transformatorstasjon via Ørsta, Ålfoten, Moskog og Høyanger transformatorstasjonar. Kraftledningen skal i hovedsak bygges med Statnetts standard selvberende portalmast i stål med innvendig bardunering, fargeløse glassisolatorer med V-kjedeoppheng. Linene skal vere av typen 3x2xFeAl 481 (duplex parrot) i matt utførelse. Det skal vere to toppliner, hvorav en med fiberoptisk kommunikasjonskabel. Vilkår om annen materialbruk og farger er fastsatt for ca. 1/3 av kraftledningen.

I Høydalen i Volda kommune er det mange mastepunkt mellom anna forankringsmast 83 og som det har vore samla nokre bilder frå. Alle master har fire fundament og på denne var høgda mellom 5,8m og 6,0m medrekna botnplata. Den er 3,5m x 3,5m x 0,65m. Diameter på søylefundamenta over botnplata er 1m. Totalt volum på mastefundamenta på denne er 56 m3. Det var arbeidslag frå AF gruppen som gjorde grunn og betongarbeidet på denne masta.

Det vert ikkje lagt opp til diskusjon her om linjetrase eller andre politiske spørsmål. Linjetraseen frå mast 83 går vidare over Galnedalsbakken og svingar sørover i sida til Daletua. Siste mastene som er synleg frå bygda ligg litt sørom Daletua . Grunneigarar i Høydalen er berørt frå fjordspennet på sørsida av Austefjorden ved Nesahornet, og vidare sørover Feiredalen til Bjørkedalingane sine områda sør om Feiredalsbakken.

Bilder til mast 83

Kjelder:Offentleg informasjon.

Koordinater: 62.06137° N 6.20212° Ø