Eikefjord Handel (Foreininga)
Eikefjord Handel er ein butikk i Eikefjord i Kinn kommune. Den har sine røter i huset «Foreininga», der det alt frå 1863 vart dreve handel.
Samuelsen
Den første som handla i kjellaren der, var Carsten Samuelsen frå Kinnsundet. Han dreiv forretning frå omlag 1863. Etter eit par års drift ville han selje våningshuset der det blei drive butikk. Våningshuset låg fint til på garden Eikefjord like ved postvegen. Carsten Salamonsen [Samuelsen?] overtok eigedommen i 1863 (121/301) frå Ole H. Abrahamsen.
Foreininga
Han overførte ein del av den til Eikefjord Forbruksforening (121/301b) og ein annan del til Ludvig Axelsen Selberg (121/301a) i 1877.
Til Eikefjord Forbruksforening er det beskreve våningshus, ei sjøbod og eit eldhus. Pris er 4560 kroner for eigedommen, der 960 blei betalt kontant. For Eikefjord Forbruksforening underteikna Absalon N. Sunhordvik, Daniel S. Langedal og Abraham A Hofland.
Det gjekk nok ikkje så godt for Eikefjord Forbruksforening, for alt etter to år selde dei eigedommen vidare. Det er litt pussig at Eikefjord Forbruksforening, som berre dreiv i to år, har gitt namn til dette huset. «Foreininga» er huset blitt kalla heilt opp til vår tid.
Abraham Abrahamsen Hopen og John Hansen Snilstvedt kjøpte eigedommen i 1879. Abraham Abrahamsen (1848) hadde lang erfaring i butikk. Han var handelsbetjent i folketeljinga i 1875, registrert hos farbror Samson Salamonsen Hopen på Sørbøen som dreiv butikken der. Dit kom han som 12- åring då butikken vart starta og vart verande på Sørbøen i 18 år. I 1881 ba Jon Snelstvedt og landhandlar Abraham A. Hopen om branntakst. Her er det beskrive seks bygningar på eigedommen.
Snilstvedt sel seg ut
I 1891 melder Abraham Hopen at han vil drive landhandel etter Lov av 17 Mai 1890. I folketeljinga 1900 er Abraham Hopen (1848) sitt yrke gardbruker og handelsmann. Sønnen Abraham Abrahamsen Hopen (1883) er handelsbetjent.
Det gjekk tydlegvis ikkje så bra med butikkdrifta, og det vart snart opna konkursbehandling i 1901. Butikken overlevde denne første konkursbehandlinga, men problema var ikkje slutt, for i 1907 måtte dei selje båten "Brødrene" på auksjon.
Abraham A. Hopen og kona Anna døydde i 1908. Tidlegare på året søkte bror til Abraham A., A. Edv. Hopen om å drive landhandel på garden Eikefjord. Landhandelen og eiendommen Dalen var til salgs etter dødsfallet til Abraham A. Hopen, og det var anonsert tvangsauksjon i 1909. Landhandelen var i Anders Edvald Hopen eige fram til han selde vidare til Ole A. Eikefjord.
Ole A. Eikefjord
Ole A. Eikefjord hadde emigrert til Statane. Der hadde han blant anna drive med handel, skogs/gardsdrift og lagt seg opp kapital. Han fekk brev om at handelsstaden var til sals og returnerte til Eikefjord. Han hadde nok også i tankane gamlekjærasten Ester i Smetunet. Alt året etter at han overtok butikken, fekk Ole og Ester sitt første barn. Dette var Asbjørg som gifte seg med Olav Havn. Dei fekk sonen Arve, som seinare overtok butikken på denne eigedommen. Ole ville drive landhandel og kjøpte «Foreininga» av Hopen og søkte om å drive landhandel i 1912.
På andre sida av tunet i Foreninga var det grisehus og hønsehus. Ole A. Eikefjord utvida grisehuset og flytta butikken dit. Den gongen var inngangen på nordsida, og det var innreia med stor disk og varehyller på baksida av disken.
I 1947 tok eldste son til Ole, Anders Eikefjord over landhandelen. Anders ominnreia butikken og laga inngang og store utstillingsvindu på austsida, mot vegen slik som butikken framstod helt til nybygg vart opna der tønnefabrikken tidlegare stod. På butikken vart det lenge selt bensin og petroleum. Både bensin og petroleum til oljelamper kom med tankbil til Eikefjord og tappa over på oljefat. Handdrivne pumper vart brukt til å levere vidare til kundane. Bensin i lampeoljen kunne være eit problem, og grunna dette brann huset til Alfred Tonheim ned i 1949. Landhandelen vart idømt ei bot for dette forholdet.
I 1961 fekk Anders Eikefjord økonomiske problem og gjekk konkurs.
Eikefjord Handel
Bror til Anders, Audvin Eikefjord som var stasjonsstyrar på telegrafstasjonen i Eikefjord kjøpte landhandelen på auksjon i Florø i 1961. Audvin og kona Haldis Eikefjord oppretta aksjeselskapet Eikefjord Handel saman med bror til Halldis, Torleif Endestad. Haldis var registrert som formann i styret.
Butikken heldt først til i dei gamle lokala som Anders hadde, men tanken om ny butikk var der med ein gong. Etter fleire rundar med Eikefjord herad og Flora kommune opna dei ny butikk i 1968. 12. mai 1969 opna Eikefjord Handel dørene til ny butikk. Butikken vart bygt der den gamle tønnefabrikken låg og var på 20x16 meter. Butikken var innreda for sjølvbetjening og bak var det lager, garderobe, kjølerom, kontor og spiserom.
Posten fekk også nye lokaler på 60 kvadratmeter i bygget og flytta dermed frå Hovland og til sentrum av Eikefjord. Rundt 1970 vart det bygt opp eigen bensinstasjon med nedgravne oljetankar, pumper og eiga oljebu.
I 1980 vart foretningsbygget utvida. Det vart større lokale til posten, butikken vart utvida med større butikklokaler, nytt lager og eige lokale for bilrekvisita og overbygde bensinpumper. Flora kommune leigde lokale i forretningsbygget og opna kontor for tre forskjellige etatar i 1980. Det var jordstyret, trygdekontoret og sosialkontoret som fekk kvar sin opningsdag i Eikefjord.
I mars 1992 begynte det å brenne på lageret til Eikefjord Handel. Det var nokre barn som oppdaga at det kom røyk ut av bygget og fekk varsla. Etter brannen var det stort røyksalg på Eikefjord Handel. Alle varer gjekk ut for halv pris.
1. november 1989 overtok Eikefjord Matsenter drifta av matvarebutikken til Eikefjord Handel. Hjermand Bruland, også eigar av Nye Krokane Matsenter, tok over drifta. Berre to år etter gjekk Eikefjord Matsenter konkurs.
Haldis og Audvin fortsette Eikefjord Handel med medisinutsalg, pengelotteri, jernvarer, landbruksprodukt i gamlebutikken og Norol-stasjon. Etter konkursen tok Audvin og Haldis over og fortsette med matvareforetningen igjen.
Eikefjord sentrum ligg lågt og kan vere plaga med oversvømmelse når det er storm og høgvatn. I 1992 fekk ein merke naturkreftene med store øydeleggingar på butikken. Delar av veggen mot vest vart øydelagt og deler av taket vart tatt av vinden.
Øl har vore eit stort stridstema i kommunen. Ein kunne bestille øl i butikken, men måtte ta ut ein heil kasse. Ville ein ha ei flaske øl, måtte ein på ølpolet i Florø. I 1992 søkte «alle» daglegvarebutikkane om løyve til å selje øl over disk, og i oktober 1994 fekk butikkane i Eikefjord lov å selje øl over disk.
1 januar 1997 overtok Havn Auto Eikefjord Handel. Etter 36 år med handel i Eikefjord ga Haldis og Audvin Eikefjord seg og overlet forretninga til Arve Havn.
Med utvidinga av postrutene til Høydalane og Stavang blei igjen postkontoret for lite, og posten flytta til Sjøhuset i oktober 1998 med overskrifta «Posthus for framtida» i avisene. Berre tre år etter flytta posten tilbake til Eikefjord Handel som post i butikk. Butikken fekk også bank i butikk.
I januar 2019 stengde Eikefjord Handel dørene for å pusse opp og modernisere butikken. Etter tre veker opna butikken igjen.
Kjelder
- Fylkesarkivet - skanna protokollar
- nb.no - aviser
- Opplysningar frå Haldis og Audvin Eikefjord, Arve Havn.
- Sindre, Bjarte. Posten i Flora. Utg. B. Sindre. Florø. 2012. Digital versjon på Nettbiblioteket.