Forside:Valle/Om forsida

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
0940 Valle komm.png
Tusenårsmonumentet, verdas største munnharpe.
Foto: Siri Johannessen
Frikyrkja i Valle.
Foto: Siri Johannessen
(2017)

Valle kommune ligg i Setesdal i Agder fylke (før 1. januar 2020 i Aust-Agder). Kommunen vart oppretta i 1837, og i 1902 vart Bykle kommune skild ut. Hylestad vert skild ut til ein eigen kommune 1915. Hylestad og Valle vart på nytt slegne saman til nåverande Valle kommune i 1962.

Som ei nord-sør-akse gjennom kommunen renn elva Otra, og attmed denne ligg dei to største befolkningssentra i kommunen, kommunesenteret Valle og bygda Rysstad lengre sør. Ingen av dei er store nok til å bli rekna som tettstader av SSB. I vest grensar Valle til Sirdal, Bykle i nord-vest, Tokke i nordøst, Fyresdal i øst, og Bygland i sør. Øst- og vestgrensene ligg på høgfjellet.

Kommunevåpenet som vart godkjent ved kongeleg resolusjon av 11. mai 1984, er teikna av Daniel Rike frå Valle. Inspirasjonen til våpenet som består av fem andreaskors i gull (or) på rød bunn (gules), er henta frå gamal kyrkjedekor. Valles tusenårsstad er skulesenteret der og tusenårsmonumentet, verdas største munnharpe er sett ned. Frå gamle tider var kommunen knytt til omverda via to veger: