Fosli Revegard
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fosli Revegard blei starta i 1930 av Torkild Fosli. Garden låg i Haugsjåsund i Nissedal kommune.
Verksemda omfatta oppaling av sølvrev og platinarev. Drifta var basert like mykje på sal av avlsdyr som på sal av pelsar. Firmaet deltok på fleire utstillingar, og hausta både 1., 2. og 3. premiar.
I tillegg til pelsdyrnæringa dreiv Fosli oppdrett av hundar. Hovudsakleg var rasane fuglehund, harehund og schæfer. Han vart premiert også for desse.[1]
Ved sidan av oppdrettverksemda dreiv Fosli vanleg gardsbruk og skogbruk. Han sat med garden fram til 1961, då sonen, Per Fosli overtok.[2]
Kjelder
- Sætherskar, Johs., Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- Heldal, Torstein Foyn (red.), Norske gardsbruk: Telemark. b.2: Hjartdal - Kragerø - Kviteseid - Nissedal - Nome, Bø, 2000.