Fossøyane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Fossøyane sett frå sørvest. Den gamle køyrevegen går gjennom grenda medan hovudvegen sidan 1980-åra har gått på elveførebygnaden i høgre biletkant.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Fossøyane er ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla på ei av dei største elveslettene i hovuddalføret. Bruka og bustadene som utgjer grenda, høyrer til under matrikkelgardane Fossen og Sperla. Fossøyane høyrde tidlegare til den nedlagde skulekrinsen Sperla.

Fossøyane var utan fast busetnad til kring 1761, og busetnaden og folketalet i grenda auka mykje frå slutten av 1800-talet og utetter. Med overgangen til mekanisert landbruk på 1900-talet, vart Fossøyane eit av dei meir lettdrivne områda for gardsdrift i Jostedalen, og grenda vart eitt av to sentrum (attåt Myklemyr) i den nedre delen av Jostedalen.

Fire husmannsplassar

Fossøyane var lenge utan fast busetnad, truleg på grunn av at det flate området var mykje utsett for flaumane i Jostedøla. Den fyrste kjende faste busetnaden var ein husmannsplass som vart rydda kring 1761, den fyrste under Fossen som fram til 1805 berre var eitt bruk.

Husmannsplassane var:

  • Fossøyane 1 - rydda kring 1823, plass under bnr. 1, nedlagd 1934, stova riven 1946
  • Fossøyane 2 - oppstod ved at Fossøyane 1 vart delt i 1844, plass under bnr. 1, frå 1864 under bnr. 4, nedlagd kring 1886
  • Fossøyane 3 - rydda kring 1761, plass under bnr. 1, frå 1805 under bnr. 5, frå 1895 under bnr. 9. Fråskild 1946 som ein del av Bøtun (bnr. 12), og sjølve plassen seld som Solheim (bnr. 16) i 1950.
  • Fossøyane 4 - rydda 1841, plass under bnr. 5, nedlag 1886.

Dei eldste plassane var liggjande under ulike bruk etter at hovudbruket i Fossen fyrst vart delt i 1805 og på nytt i 1862 med fråskiljinga av Dalen.

Sjølveigde bruk

Den fyrste matrikuleringa i Fossøyane var då bruket Fossøyplassen (i dag bnr. 4) vart utskilt 14.10.1865. Dette utgjorde dei delane av Fossøyane som før låg til Fossen (bnr. 1) og Dalen (bnr. 3). Frå dette bruket er seinare bnr. 10 (Øiene, 1908) og bnr. 11 (Nytun, 1943) utskilde. Det var drive handelsverksemd i ei gamal stove på bruket sidan tidleg på 1900-talet, og Samvirkelaget overtok denne i 1943 og fekk utskild ei tomt i 1947.

Den delen av Fossøyane som låg til Nedre Fossen (bnr. 5) vart fråskild 7.10.1895 (i dag bnr. 9). Huset vart truleg sett opp på tufta som var att etter plassen Fossøyane 3, som var fråflytt i 1886. Til dette bruket høyrde òg den eldste husmannsplassen, Fossøyane 2, som var i bruk til 1934. Frå dette bruket vart seinare bnr. 12 (Bøtun, 1946) fråskilt.

Sperla-sida

Den nordlege delen av Fossøyane høyrer til Sperløyane, som ligg i den nordlege enden av elvesletta og er eit bruk (bnr. 3) under Sperla. Det fyrste busetnaden på Sperle-sida i Fossøyane var husmannsplassen Moen. Han vart rydda i 1820-åra, altså på same tida som den fyrste plassen på Fossen-sida vart rydda. Moen vart nedlagd kring 1853.

I 1940-åra vart det utskild fire tomter på Sperla-sida av grensa, som dermed vart ein del av Fossøy-grenda. Det er gjennom 1900-talet og utskild ei rekkje tomter på Fossen-sida i Fossøyane.

Flaumar 1898 og 1979

Ein føresetnad utvidinga av busetnaden i Fossøyane var betre elveførebygnad. Storflaumen 15. august 1898 valda store skadar i Fossøyane, og det same gjorde den endå større flaumen 15. august 1979.[1] Høgste vasstand under dei to flaumane er markerte med merke i fjellveggen i den sørlege delen av grenda.[2]

Notar

  1. Flaumar (Jostedal historielag)
  2. Flaummerke i Jostedal (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)

Kjelder og litteratur