Frøyatun Bakeri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå 1943 dreiv Hans Lahus ei spesialforretning i garn og trikotasje under firmanamnet Frøyatun Trikotasje.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949, s. 726ff.

Frøyatun Bakeri vart starta like etter 1900 av Erik Nordbø med Gunnulv Lahus som bakar. Bakeriet heldt til i kjellaren på Frøyatun i Bø i Telemark.

Bakeriet kom til då Frøyatun blei bygd i 1896. Eigaren, Erik Nordbø, innreidde eit bakeri i kjellaren, og bakar Gunnulv Lahus sette i gang drifta like etter 1900. Nordbø hadde også innreidd eit forretningsrom i fyrste etasje der bakevarene vart solgt, og dreiv både forretninga og bakeriet fram til 1910. Då selde han Frøyatun til Lahus som dreiv både forretninga og bakeriet vidare heilt fram til 1943.[1] Bakarar som Olav Heggeneset, Nils Egenæs og Gunnulv sine søner Olav, Arne og Hans tok del i drifta.

I 1943 blei bakeriet overdratt til sønnen, Hans Lahus, som dreiv det fram til 1955.[2] Då legde han det ut til Andreas Espedalen som dreiv det fram til 1966 då det vart nedlagt.

Bakeriet selde hovudsakleg varer til forretningane i Bø, Årnes og Seljord.

Annonsa til Frøyatun Bakeri & Conditori frå 1954.
Foto: Notodden turistkontor / Aasm. Engens forlag, Til Telemark, Horten, 1954. Digital utgåve på bokhylla.

Kjelder

  • Henneseid, Stian, Bø-soga 2, Gards- og ættesoga, Bø, 1982.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 727.
  2. Henneseid, 1982, s. 678.