Fredheim (Sandnes gnr. 110/11)
Fredheim | |
---|---|
Stad: | Hommersåk |
Fylke: | Rogaland |
Kommune: | Sandnes |
Gnr.: | 110 |
Bnr: | 11 |
Type: | gardsbruk |
Adresse: | Limarka 77 |
Fredheim (Sandnes gnr. 110/11) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 46/11. Utskilt frå gnr. 110/1 tinglest 12.6.1909.
Brukarar
47. Iver Andreassen Lie,
f. 1855, d. 1937. Son til Andreas Eriksen Li (nr 74).
Iver hadde fyrst nokre år det gardsbruket på Li som kona hans var frå (sjå nr 39). I 1908 selde han garden til svogeren Tobias Skjørestad, og tok av eit stykke her nede i bakken. I fleire år var han så småbrukar på Li, til han selde styk ket sitt ca 1935. Dei siste åra budde han i eit hus attmed (Folk i bygda-621).
G.m. 1891 Maren Persdtr., f. 1846, d. 1930, dotter til Per Thorsen Li (nr 38). Dei let ikkje barn etter seg.
48. Henrik Løland, f. 1906, d. 1936.
Han var frå Hylestad i Sogn. Løland hadde vore hotellarbeidar i Stavanger. Han var sterk svekka av tuberkulosse då han kom her til Li ca 1935 og døydde snautt eit år etterpå.
G.m. Inger Voster, f. 1909, dotter til Einar E. Varlandsli, bonde på Voster i Strand. Ho blei sidan gift med Otto Li som overtok stykket (nr 49).
Barn:
- Ernst, f. 1933, ekspeditør, bur i Breivik (Folk i bygda-217), g.m. Signe Breivik.
49. Otto Li,
f. 1902, d. 1964. Son til Andreas Li (nr 78).
Han gifta seg med enkja etter Henrik Løland og overtok stykket. I 1946 overtok han heimegarden og då selde han småbruket her (sml nr 79).
G.m. enkja Inger Løland, f. 1909, dotter til Einar E. Varlandsli, bonde på Voster i Strand.
Barn:
- Arnfred, f. 1939
- Borgny, f. 1941
- Gunleiv, f. 1945
50. Olaf Th. Endregaard,
f. 1900. Son til Julius Th. Endregaard, Bergen.
Han hadde dette stykket 1946-1950. Så reiste han til Jørpeland der han var stålverksarbeidar og hadde også arbeid ved trygdekassen.
G.m. Annie Rasmussen, f. 1912, dotter til Nils Rasmussen, Stavanger.
Barn:
- Kathe, f. 1936
- Olaf, f. 1940
- Brit, f. 1944.
51. Odd Balle,
f. 1921. Son til Olav Balle, Stavanger.
Odd Balle kjøpte stykket i 1950. Han er fjøs kontrollør og seminteknikar.
G.m. Laura Johanne, f. 1922, ho er frå Uskedalen i Hardanger.
Barn:
- Olav, f. 1946
- Sigrun Eli, f. 1947
- Reidar, f. 1949
- Odd, f. 1953
- Liv, f. 1955
- Bjørn.
Litteratur og kilder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 1146-1147 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 561-562 i Digitalarkivet
- Norges bebyggelse. Utg. Norsk faglitteratur. Oslo. 1958. Digital versjon på Nettbiblioteket.