Fridtjof-statuen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Statuen av Fridtjof den frøkne av Max Unger
Foto: Nina Aldin Thune (2006).

Fridtjof-statuenVangsnes i Vik kommune vart reist i 1913 av keisar Vilhelm II av Tyskland. Statuen, som er 22,5 meter høg, er ei framstilling av Fridtjov den frøkne utforma av Max Unger. Soga om han var svært populær i Tyskland og England1800-tallet,

Statuen står på ei lita høgde over ferjekaia på Vangsnes med utsikt over Sognefjorden. Sjølve statuen er 10,5 meter høg, men han står på ein 12 meter høg sokkel og strekkjer seg soleis 22,5 meter til vers.

Statuen vart frakta frå Tyskland til Noreg i 15 delar og reist av 100 tyske marinesoldatar. Til fraktinga brukte dei kraftige tømmerstokkar som flyteelement. Desse vart nytta til å reisa Sygna UldvarefabrikHermansverk seinare same året.

Fridtjof-statuen er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden.

Avdukinga

Avdukinga av statuen føregjekk den 31. juli 1913 med både kong Haakon og den tyske keisaren til stades. Det var ein folkefest med truleg over 5000 tilskodarar. Ved avdukinga sa keiseren blant anna:

For at hvile efter tungt og ansvarsfuldt arbeide søker jeg herop. Jeg har nu i tyve aar paa mitt skib reist til Nordden og er blit mottatt i Norge med gammel germansk gjestfrihet. Det var mig en trang at vise et ydre tegn paa min taknemlighet mot det norske folk. Gjennem de hellige sagn fandt jeg anledning til dette. Særlig tiltalte mig sagnet om Herskeren i Balestrand, Kong Bele, Ingeborgs fader, den tapre helt. Dette staar nu formet for os, Kong Bele av Gørtz’ kyndige haand paa gravhaugen, medens Fridtjof er det mesterverk, som professor Unger har skapt.

Vilhelm Dybwad laga ei revyvise om statuen, Fridtjof hin frøkne, som vart framført på Chat Noir i Oslo i 1913, og som ser kritisk på dimensjonane til statuen og på keisar Wilhelm II.

Kjelder og litteratur