Vangsnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vangsnes kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge

Vangsnes er ei bygd, eit kyrkjesokn og ein ferjestad i Vik kommune. Garden Vangsnes har truleg namnet etter Vangsen 'plogskjeret', eit skjer i sjøen utanfor Vangsnes. Staden er mest kjend for den store Fridtjof-statuen av Fridtjof den frøkne, som keisar Wilhelm II av Tyskland fekk sett opp i 1913.

Då formannskapsdistrikta vart oppretta i 1837, høyrde Vangsnes sokn til Leikanger. I 1850 vart Balestrand oppretta ved at Leikanger vart deld og Vangsnes vart då del av den nyoppretta Balestrand kommune. Det neste, og til no siste, kommuneskiftet kom i 1964 då Vangsnes vart overførd til Vik.

Vangsnes sokn er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Vangsnes kyrkje frå 1861. Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå 1100-talet.

Frå Vangsnes er det ferjesamband over til Hella og Dragsvik på nordsida av Sognefjorden.

Kjelder

Vangsnes er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden