Fridtjov den frøkne

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Fridtjof den frøkne»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fridtjov-statua på Vangsnes.
Foto: Nina Aldin Thune (2006).

Fridtjov den frøkne er ein segnfigur som er nært knytt til bygdene ved Sognefjorden og på Ringerike, og som det står ein statue av på Vangsnes i Vik kommune. Soga er kjent frå ei islandsk fornaldersoge frå 1300-talet og vart kjend gjennom Esaias Tegnér sin diktsyklus Frithiofs saga frå 1825.

Historia om Fridtjov er av seinare dato enn islendingesogene og er truleg rein fiksjon. Inspirasjonen frå romantiske soger, og særleg frå Tristan og Isolde, er tydeleg. Det er også ein del trekk som liknar Soga om Gunnlaug Ormstunge; ein skilnad er at soga om Fridtjov har ein lukkeleg slutt. Teksten har innslag frå norrøn mytologi, særleg historia om Balder, men er skrive i kristen tid og med eit kristent preg.

Handlinga er delt i tre bolkar, to av dei lagt til Sogn og ein til Ringerike. Fridtjov reiser òg til Orknøyane og i viking. Han var ifølge soga son av Torstein Vikingson, som var herse på Framnes. Dette er truleg Vangsnes i Vik. Han vart oppfostra hos bonden Hilding saman med Ingebjørg, dotter av kong Bele. Sistnemnde og hans søner Helge og Halvdan hadde lite respekt for Fridtjov, og medan Fridtjov var på Orknøyane gifta dei bort Ingebjørg til kong Ring på Ringerike. Fridtjov gjekk i teneste hos han, og fekk ei slik stilling at han då kongen døydde fekk overta både riket og dronninga. Ingebjørg sine brør gjekk til krig mot han, men tapte. Helge fall i kamp, medan Halvdan måtte overgje seg og vart herse under Fridtjov.

Det var ein kong Ring på Ringerike kring år 860, Ring Dagsson. Men han er nemnd hos Snorre Sturlasson som far til Åshild Ringsdotter, ei av konene til Harald Hårfagre, og er nok berre brukt i soga om Fridtjov fordi det var eit namn ein del kunne kjenne att. Kong Bele er berre kjend frå denne soga.

Fritjof-statuen

Statuen på Vangsnes vart oppført av den tyske keisaren Wilhelm II og vart utforma av Max Unger 1910–1912. Keisar Wilhelm fekk òg reist ei statue av Bele i Balestrand. Vilhelm Dybwad skreiv i 1913 ei kritisk revyvise om statuen.

Omsettingar og adapsjonar av soga

Soga om Fridtjov vart omsett til landsmål av Ivar Aasen i 1858, og var den første fornaldersoga som kom ut på denne språkforma. I 2013 kom ei ny omsetjing av soga frå gammalnorsk til nynorsk ved dramatikaren Jon Fosse. Boka kom ut på Skald forlag i Leikanger.[1]

I 2008 vart Fridjtovspelet – fiend og elskar av Rolf Losnegård uroppført på Vangsnes. Spelet er ei dramatisering av Esaias Tegnérs diktverk. I 2014 vart spelet sett opp for tredje gong.

Eit dikt om soga vart publisert i Nynorsk vekeblad nr. 9, 1942. Det var skrive av Olav Sande.

Soga segjer,
at på Syrstrand
der budde mæte
og modige,
mektige menn.

Her budde Bele,
bøndene sin konung,
og Ingebjørg den edle,
i elskhugen trufast

Her var hovet,
som Baldershage heitte,
i Husabø, den helga
og vel hegna staden

Her til kom Fridtrjov,
den frøkne og fræge,
fridde til Ingebjørg

Kjelder og litteratur

  1. Soga om Fridtjov den frøkne. Utg. Skald. 2013. Digital versjonNettbiblioteket.