Furuli (Bykle gnr 15/69)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Furuli
Gjerden 60f.jpg
Furuli pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1978
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 15
Bnr: 69
Type: Bustadeigedom

Furuli i Øvre Sarv i Bykle vart utskild frå bnr 11 i 1978, då Bykle kommune selde henne til A/S Furuholmen. Entreprenørselskapet sette opp eit bustadhus her, og hadde nokre av ingeniørane sine buande her. Desse har me ikkje funne ut kven var. I 1982 overtok Bykle kommune huset og tomta frå Furuholmen.

I åra som fylgde budde Arne Hansen og familien hans her. Han var tiltakssjef i Bykle kommune i perioden 1.2. 1984 til 1.7.1987.

  • Arne Hansen, f 1952
g m Hanna Pedersen, f 1952. Born:
  • Hans Petter, f 1976, IT-konsulent, busett Oslo
  • Marita, f 1979, p t (2003) under utd., Oslo
  • Torgunn Anette, f 1983, p t (2003), under utd., Rena

Hanna er frå Porsanger, og dotter åt Marit og Anton Pedersen. Ho er omsorgsarbeidar av yrke. Arne er frå Rena, og son åt Tordis og Brynjulv Hansen. Då dei kom til Bykle, hadde han utdanning og røynsle frå reiselivsbransjen. Sidan har han skaffa seg breiare økonomisk-administrativ utdanning, og hatt administrative stillingar i fleire kommunar. For tida (2003) er han personalsjef i Åmot kommune.

I 1987 leigde Shirley og Jørn Skavhaug huset av kommunen, og i 1990 kaupte dei det.

Shirley Skavhaug, f 1955

Hennes born frå fyrste ekteskap:
  • Rachel Brandsegg, f 1976
  • Ina Brandsegg, f 1980
g 2. m Jørn Skavhaug, f 1961. Born:
  • Ulf Jøran Skavhaug, f 1985

Shirley og Jørn kom til Bykle frå Kirkenes, og er båe finnmarkingar. I 1995 selde dei huset sitt her, og flutte til Lillesand. Shirley er dotter åt Ingolv og Ellinor Hansen. I Bykle arbeidde ho som hjelpepleiar på bygdeheimen. Etter at dei flutte til Lillesand har ho utdanna seg til barnevernspedagog, og arbeider nå innanfor det fagfeltet.

Jørn Skavhaug er son åt Betty og Ulf Skavhaug. I Bykle var han formann på vindaugsfabrikken. I Lillesand arbeider han i eit trelastfirma.

Dei som kaupte huset her i 1995 er Jorunn og Bjørgulv Langeid.

  • Bjørgulv Olsson Langeid, f 1932
g 1965 m Jorunn Bjørgulvsdtr. Nesland, f 1943. Born:
  • Birgit, f 1966, førskulelærar, busett Bergen
  • Olav, f 1969, adjunkt, busett Stavanger

Bjørgulv Langeid er frå Granheim, som ligg i Øvre Hegland i Bygland, og har gnr 4, bnr 5 og 6. Han er son åt Olav Bjørgulvsson Langeid og kona, Birgit Grundesdotter, fødd Austad. Han har arbeidd i politiet, frå 1959 til 1971 i Oslo, frå 1971 til 1995 på Notodden, på den sistnemnde staden som leiar for kriminalavdelinga.

Då han gjekk av med pensjon, flutte han og Jorunn hit. (Jfr. Vollen, R.:Bygland, gard og ætt, I, 2002, 359.)

Jorunn er frå Viki Nesland, gnr 10, bnr 10, og dotter åt Bjørgulv Folkesson og kona, Gyro Olsdotter, fødd Rygnestad. Attåt å vera husmor dreiv ho i åra frå 1973 til 1990 Granheim, foreldreheimen åt Bjørgulv, som overnattingsstad for turistar 2 månader kvar sumar. Denne staden har dei sidan selt. Elles har ho mange år drive med løyesaum for Setesdal Husflidssentral i Valle.


0941 Bykle komm.png Furuli (Bykle gnr 15/69) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Furubo • Neste bolk: Utsyn