Fyresdal Turisthotell

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Fyresdal kurs og leirsted»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fyresdal Turisthotell opna i 1979. Hotellet låg ved stranda til Fyresvatn i Fyresdal i Telemark. I dag er dette Fyresdal kurs og leirsted og er eigd av Pinsevennenes Fellesarbeid i Telemark (PFT).

Frå byrjinga hadde hotellet 60 dobbeltrom og 12 familierom. I tillegg fanst det konferanserom, barnerom, badstoge og trimrom i lokala. Det var også mogleg å leige båt på Fyresvatn. Hotellet sysselsatte 12-14 personar i sesongen, men heldt stengt i vinterstid.[1]

To år etter at hotellet opna gjekk det konkurs i 1981. Då kjøpte Trygve Hegnar hotellet. Sidan har hotellet hatt mange forskjellige eigarar og drivarar. Liv og Eivind Andreassen verka som drivarar ein periode.[2] Seinare kjøpte nederlendarane Toncko Zwolsman og Rian Jacobs hotellet og dreiv det i kombinasjon med Fyresdal flyplass.[3] I denne perioden blei verksemda kalla Airparc Fyresdal Hotell.

I 2011 brann det i hotellet.[4] Det var Pinsevennenes Fellesarbeid i Telemark (PFT) som eigde hotellet på dette tidspunkt. PFT var eit samarbeid mellom 23 pinserørsler i Telemark, og dei hadde kjøpt inn hotellet det same året for å bruke det som leirstad og kursstad.[5]

Referansar

  1. Ormtveit, 1998, s. 88-89.
  2. Ormtveit, 1998, s. 88.
  3. Tinholt, TA, 2004
  4. Rivrud, NRK 8.12.2011.
  5. Heimesida til Fyresdal kurs og leirsted.

Kjelder

  • Ormtveit, Astrid Synnøve, Banken og bygda gjennom 100 år, Fyresdal: Sparebanken Sør Fyresdal, 1998.
  • Rivrud, Kristin, "Fyresdal hotell i brann", NRK, 8.12.2011. Lenke til digital utgåve.
  • Tinholt, Dag, "Skal løfte Fyresdal til himmels", TA, 23. juli 2004. Lenke til digital utgåve.

Eksterne lenker