Gabbrovegen (Kviteseid)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gabbrovegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2022).

Gabbrovegen i Vrådal i Kviteseid kommune er ein blindveg som går på austsida av Granittvegen i Vrådal hyttegrend. Han er 150 meter lang.

Vegen har namn etter bergarten gabbro og vart namnsett i 2016. Dei fire vegane i feltet har namn etter bergartar. Om namnevalet skriv Kviteseid kommune:

I mangel av klare alternativ basert på lokal namnetradisjon i området, har utvalet vald å fylgje ønskja frå utbyggar, m.a. vil han unngå namn med æ, ø og å.

Kilder

  • Kommunekart: Gabbrovegen
  • Kviteseid kommunestyre, sak 071/16, 20.10.16 (PDF)


Koordinater: 59.30659° N 8.52052° Ø