Gabriel Frøholm

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gabriel Frøholm (fødd 7. januar 1893, daud 11. februar 1973) var fødd på garden Frøholm mellom Innvik og Olden. Han utdanna seg som offiser og bygningsingeniør. Han vart kjend som ein svært ivrig målmann og fråhaldsmann. I vegspørsmål var han langt føre si tid. Han gjekk mellom anna inn for å byggje tunnel mellom Erdal i Oppstryn og Bråtådalen i Skjåk.

Gabriel Frøholm var ein meiningssterk mann som ikkje bøygde av for motstand. Då han omkom i ei bilulykke i 1973 skreiv Knut Eidem i Dagbladet dette om Gabriel Frøholm: «Han var som en fanfare i vår samfunnsdebatt...Han var slikt et levende menneske, et festlig innslag i den ofte grå debatten. Åjo, Gabriel Frøholm blir nok savnet som få. Hans navn vil leve videre, ikke minst langt fram i tida, når mange av planene hans - vyene, om man vil - settes ut i livet. Det vil bli tomt etter ham. - Dette er en klisje som ikke sjelden blir brukt i nekrologer. Men når det gjeld Gabriel Frøholm, føler alle som kjente ham at det stemmer».[1]

Referansar

  1. Jon Tvinnereim: «Gabriel Frøholm. Ein framsynt og omstridd nordfjording». Årbok for Nordfjord 2012.

Lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!