Gamasfit (veg i Tokke)
Gamasfit er ein veg på Skafsåheia i Tokke kommune som går sørover frå Borsævegen. Han deler seg i fleire greiner i eit hyttefelt der kring 20 av hyttene har adresse til vegen. Gjennom feltet er hovudtraseen på 780 meter kommunal. Deretter blir vegen privat, dreier i austleg retning og endar ved støylen Åsbjørnsroi på sørsida av Førsvatn. Den totale lengda på vegen er 2,7 kilometer. Utbygginga av hyttefeltet starta i første halvdel av 2000-talet.
Vegen blei namnsett i 2021 og har fått namn etter støylen Gamasfit som låg her. Namnet Gamasfit tyder på at det har vore ein plass for leik og moro her i gammal tid. Namnet er sett saman av orda gamas- og -fit. Det norrøne gaman tyder moro, skjemt (som i uttrykket fryd og gaman), og fit på norrønt tyder frodig grasslette, særleg ved vatn.
I ei kunngjering frå Skafså Ungdomslag i Telemark Arbeiderblad 23. juni 1965 står m.a.:
- Frå eldgamle tider finn ein merke og navn inne i desse heidstroka som tyder på samkomer av folk frå Skafså og Setesdalen, soleis hev truleg navnet «Gamasfit», oppstade. Det er ei fin slette i nordre enden av Forsvaten, ca. 5 km aust for Kjønnesviki.
- Det er vel då truleg at mange var fastbuande i desse områda og mange var nok ogso faste stølsfolk, so dermed var ikkje vegen til samkomeplassane so lang frå nokon kant, når dei i ljose sommarkveldar samlast til stevjing og dans og gama, som det heiter på Setesdalsmålet.
Frå ein artikkel av T. Bilstad i Aftenposten 10. mai 1941:
- Ungdommen møttes hver sommer til lek på en seter som ligger midtveis [mellom Skafså og Valle]. Seteren heter Gamasfit den dag idag, og navnet tyder på at det har været leikvoll (Gama-moro). Forholdet mellem setesdølene og folk i Skafså hadde efter hvert utviklet sig til det aller beste.
Sjå også
Kilder
- Kommunekart: Gamasfit
- Telemark Arbeiderblad (Skien) 1965.06.23. Digital versjon på Nettbiblioteket Jonsokstevne i Kjønnesviki
- Aftenposten 1941.05.10. Digital versjon på Nettbiblioteket Grenseopgjøret mellem Skafså og Valle og Bykle i Setesdalen (Et sagn fra middelalderen)
- Nynorskordboka: Gaman