Geiranger kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Geiranger kirke»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Geiranger kyrkje
Geiranger kirke (2018).JPG
Foto: Jan-Tore Egge (2018)
Sted: Geiranger
Kirkegård: Ja
Kirkesamfunn: Den norske kirke
Bispedømme: Møre
Prosti: Austre Sunnmøre
Fellesråd: Stranda
Sokn: Geiranger
Materiale: Tre
Takrytter: På mønet
Sitteplasser: 125

Geiranger kyrkje er ei åttekantkyrkje i Geiranger i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke. Skipet er 9mx9m med kor og sakristi i austre enden og inngangsdør i vest. Tårnet er midt på taket. Kyrkja var ferdigbygd 16. august 1842 og er bygd i treverk (tømmer). Byggmeister var Hans Andreas Pedersson Ous (1801-1878) frå Stranda, til vanleg kalla Klipe-Hans.[1] Byggekostnaden var 1272 speciedaler og 23 skilling. Kyrkja blei vigd av prost Aage Schavland 28. august 1842. Kyrkja har 125 sitjeplassar.[2] Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Dagens kyrkje er den tredje på staden. Den eldste kyrkja er nemnd første gongen i 1589 og blei reven i 1742. Ny kyrkje blei bygt i 1744 og denne brann ned natta mellom 2 og 3. juli 1741. Brannen var påsett av Ole Stephensen Gjørvad. [3]

Ho er utsmykka av treskjerar Einar Flydal (1887-1977). Altartavla frå 1902 er måla av Harald Brun. Motivet er den trøystande Kristus. Kyrkjeklokka sprakk i 1883, og ny måtte kostast. På juledag 1898 fekk denne ein smell, og den tredje klokka blei kjøpt i 1899. I 1902 vart det innsett omn i kyrkja, og i 1903 nye kyrkjestolar. Samstundes vart galleriet utvida og på den måten fekk ein 70 ekstra sitjeplassar. I 1906 var det kjøpt orgel av det amerikanske Gregorian system. I 1965 fekk kyrkja nytt orgel frå Vestnes Orgelfabrikk.

Geiranger sparebank finansierte i 1916 ei stor lysekrune til kyrkja, medan to mindre kruner vart kosta frå ein arv etter Lars S. Gjørva. Nytt tak fekk kyrkja i 1925, då skifer erstatta det gamle taket av teglstein. Elektrisk lyst blei installert i 1932.

Ved 100-års jubileet (feira 1946) blei kyrkja mykje av interiøret endra og erstatta etter ein plan utarbeidd av Per Vigeland. Treskjerar Einar Flydal (1887-1977) stod for arbeidet. I høve jubileet i 1992 vart heile kyrkja pussa opp. Mykje av dette arbeidet var gjort på dugnad av bygdefolket.[4]

Referansar

  1. Lillebø, P.A. Sunnylven og Geiranger. Utg. Stranda sogelag. Stranda. 1999. Digital versjonNettbiblioteket
  2. Kirkesøk
  3. Nordre Sunnmøre sorenskriveri, SAT/A-0006/1/1/1B/L0001: Ekstrarettsprotokoll 1a, 1839-1841, s. 161b-162a [1]
  4. Lillebø, P.A. Sunnylven og Geiranger. Utg. Stranda sogelag. Stranda. 1999. Digital versjonNettbiblioteket

Koordinater: 62.09885° N 7.2071806° Ø