Georg Michael Døderlein (1699–1763)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Georg Michael Døderlein (fødd i Tyskland 29. september 1699, død i Christiania 26. oktober 1763) var ingeniøroffiser og lærar, styrar av Krigsskolen (Den frie matematiske skole) frå oppstarten i 1750 fram til Døderlein døydde i 1763.

Faren var prest i Sehringen i Schwaben. Ca. 1720 hadde Døderlein etter eiga utsegn fullført utdanninga si ved «de tyske akademier». Han verka deretter i fleire år som landmålar, fyrst i Sachsen-Weimar, sidan i København. Frå Danmark kom han i 1731 til Noreg, der han gjekk i teneste hjå regmientssjefen i Trondheim, brigader Schauroth, for å undervise unge offiserar i «matematiske Videnskaber, specielt Fortifikation». Han var tilset ved Den norske fortifikasjonsetaten, og kom seinast 1740 til Christiania som konduktør. Truleg hadde han elevar også i Christiania. I 1750 vart han den fyrste hovudlæraren ved Den frie matematiske skole, og samstundes styrar av institusjonen under direktøren feltmarskalk Hans Jacob Arnholdt. Samstundes var Døderlein kaptein og sjef for 1. Akershusiske garnisonskompani.

Georg Michael Døderlein var gift to gonger. Fyrste ekteskapet var med Sofie Mathea Holck (fødd i Trondheim 1713, død i Christiania 1740). Dei fekk sonen Michael Sundt Døderlein (1740-1786), og mora døydde i barselen. Georg Michael Døderlein gifta seg igjen i 1744 i Moss med Helle Maria Grønbech (ca. 1719-1803) Dei fekk tre born saman.

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Kunnskap, dannelse og krigens krav. Krigsskolen 1750-2000. Elanders Publishing 2000.
  • Ovenstad, Olai: Den norske hærs officerer, bd. 1, Oslo 1948.
  • Sinding-Larsen, Fr.: Den norske Krigsskoles Historie i ældre Tider. Kristiania 1900.