Grindberg Trevarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hagemøblement frå Grindberg Trevarefabrikk ei gong på 1940-talet.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Grindberg Trevarefabrikk vart starta av Georg Vik i 1930. Fabrikken ligg i Kilegrend i Fyresdal kommune.

Frå byrjinga laga fabrikken i hovudsak småmøblar, men spesialiserte seg etter kvart på hagemøblar. I fleire år laga fabrikken ein mønsterbeskytta hagestoltype som slo godt an. Markedet har i hovudsak vore Sør-Noreg, men fabrikken har også hatt bestillingar frå Nord-Noreg.

På 1960-talet gjekk Rolf og Trygve Vik inn i leiinga av trevarefabrikken. Nye produkt og auka produksjon førte til at ein måtte bygge nytt tilbygg på 500 m3 i 1963-64. På denne tida var det særleg køyesengene frå fabrikken som var etterspurt. På 1980-talet vart Ikea-konsernet hovudmottakar av køyesengene, og på det meste produserte fabrikken 25 000 senger i året.

Denne mønsterbeskytta hagestolen frå Grindberg Trevarefabrikk vart ein stor suksess på 1940- og 1950-talet.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Fabrikken har på det meste sysselsett 15-20 mann.

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Eksterne lenker