Grodås

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grodås ligg på austsida av Hornindalsvatnet, som er den djupaste innsjøen i Europa.
Foto: Nasjonalbiblioteket (1948).
E39 går gjennom Grodås. Til venstre ser vi Havila Hotel Raftevold.
Foto: Trond Nygård (2020).

Grodås, lokalt kalla Sanden, er ein tettstad i Volda kommune. Staden ligg ved austenden av Hornindalsvatnet, der elva Horndøla renn ut i vatnet. Grodås, som har 491 innbyggjarar (2019), var administrasjonssenter i Hornindal kommune før samanslåinga med Volda 1. januar 2020.

E39 går gjennom Grodås. Ifølgje Store norske leksikon har tettstaden «variert industri, blant annet trevareindustri, møbelindustri og hytteproduksjon.»

På nordsida av Horndøla, på Kyrkhorne, står Hornindal kyrkje. Dette er ei tømra langkyrkje frå 1853. Ved kyrkja er det kyrkjegard, og her finn ein mellom anna grava til bilethoggaren Anders Svor. Anders Svor-museet på Grodås, som har dei fleste verka til kunstnaren, opna i 1953.

Anders Bottolvsen Grodaas (1870-1940) var fotograf i Hornindal og andre stader i Nordfjord. Han hadde atelier på Grodås frå omkring 1884 til 1894, då han emigrerte til Amerika.

Kjelder og litteratur

Vidare lesing