Grov krins (Stryn)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Grov krins var ein skulekrins i Stryn kommune. I 1862 høyrde desse gardane til Grov: Grov, Guddal, Skåre, Folven og Sundal. Krinsen var det niende omgangsskuledistriktet i Stryn og fekk namnet Grov, etter den største garden, i 1867.

Skulehus

Grov skule

  • Byggeår: 1885
  • Fungerte som skule: 1885-1975
  • Anna bruksområde: Skulehuset og tomta gjekk tilbake til garden. Skulen vart nokre gongar nytta til møter og festar. Skulehuset vart ei tid på 1980-talet nytta av Folven Metallstøperi. Fungerer no som feriehus.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Glomnes M. 1869 1891 ? Stord seminar Også lærar i 2. avdeling i Hjelle krins
Tunold Sigbjørn 1903 1927 ? Volda lærarskule (1926) Vikar i Storesunde krins 1926-27

Kjelder og litteratur