Grytvigjå (Sandnes gnr. 110/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grytvigjå
Stad: Li
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 110
Bnr: 2
Type: gardsbruk

Grytvigjå (Sandnes gnr. 110/2) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 46/2. Gammalt matrikkelnr. 26 og løpenr. Løpenr 94b, 96b, 97b.

Brukarar

88. Andreas Jonsen,

f. 1841. Son til Jo Jonsen, husmann i Grytvigjå (nr 37).

I 1885 fekk Andreas kjøpa denne plassen som faren hadde budd på som husmann, men allerede i 1887 selde han igjen. G.m. 1886 Gunda Olsdtr. f. 1840, dotter til Ola Persen Talgje, bonde på Buøy (?).

89. Torvald Tomsen

Han hadde Grytvigjå 1887-1888.

90. Aslak Torgersen,

f. 1821, d.1897. Son til Torger Aslaksen, som budde på Sandnes (sjå Høyland g.o.æ. s 316, nr 54).

Aslak hadde fyrst gard på Revheim i Madla nokre få år (sjå Madla g.o.æ s 199), så flytta han til Stavanger der han budde ei heil tid. I 1888 kjøpte han dette gardsbruket i Grytvigjå. Han var ein fjern slektning av dei som hadde budd her som husmannsfolk. Han selde det meste av gardsbruket igjen i 1891, men tok av ein tiendepart. Det stykket han sat igjen med blei sidan kalt Aslakstykkjet (sjå vidare nr 97).

G.m. 1) 1845 Ingeborg Kristensdtr., f. 1823, dotter til Kristen Kristoffersen Vestre Stangeland i Sola (sjå Sola g.o.æ. s 481, bruk 5, huslyd 7), 2) enkja Johanna Maria Johannesdtr., f. 1815, ho var frå Lista, 3) Anna Karina Danielsdtr., f. 1844, død etter 1900, ho var frå Vikadal.

Barn, i fyrste ekteskap:

  1. Lars Kristian, f. 1846
  2. Torger, f. 1848

i tredje ekteskap:

  1. Aslak Andreas, f. 1888.

91. Konrad Jensen

Hadde Grytvigjå 1891 til 1896.

92. Knud Knudsen,

f. 1870, d. 1929.

Han var frå Bjørnøy. Knud var sjømann og var ei stund i Amerika, han kom til Norge igjen og kjøpte dette gardsbruket i 1896. I 1900 fekk han og kjøpa Aslakstykkjet attmed. Sidan var han gardbrukar i Grytvigjå så lenge han levde.

G.m. Karen Knudsdtr., f. 1870, d. 1936, frå Buøy. Ho blei sittande med gardsbruket ei stund etter at mannen var død.

Barn:

  1. Karen Marie, f. 1892, g.m. 1917 Johan Kristiansen, fyrst bureisar oppe på Riskaheiå og vegarbeidar (Riska-76), sidan møllearbeidar, busett på Hommersåk (Folk i bygda- 184)
  2. Tarald, f. 1894, bureisar i utmarka på Jødestad (Jødestad-40), sidan bonde på Søra Sunde i Madla, g.m. Kaia Eriksen
  3. Karl Vilhelm, f. 1896, reiste til sjøs og forsvann i begynnelsen av 1930-åra. Dei meiner han kom i land på vestkysten av Amerika
  4. Kirsten Dagny, f. 1899, d. 1899
  5. Knut Alfred, f. 1901, d. 1917
  6. Oskar Dagfinn, f. 1905, overtok Aslakstykkjet (nr 98)
  7. Viktor Aleksander, f. 1908, bonde i Grytvigjå (nr 93).

93. Viktor Knudsen,

f. 1908. Son til Knud Knudsen (nr. 92).

Viktor overtok gardsbruket etter foreldra, men selde det allerede i 1937. Han reiste så til Karmøy og budde etterpå ei stund på Madla. Til slutt busett på Vaulen. Han er entrepenør og har drive med dyrkingsarbeid.

G.m. Karoline Tingvik, f. 1909, dotter til Karl Knutsen Tingvik i Sjernarøy (sjå Sjernarøy g.o.æ. s 159, nr 19.g).

Barn fødde her:

  1. Sverre, f. 1931
  2. Knut, f. 1936
  3. Kjell, f. 1937.

94. Mandius Hidle,

f. 1892, d. 1942. Son til Jone Nilsen Hidle i Sjernarøy (sjå Sjernarøy g.o.æ. s 210, nr 17.i).

Han hadde fyrst gard i Steinane på Hogstad (Hogstad-161). Etter det budde han til leige i Vågjen ei stund (Folk i bygda-28). Så forpakta han garden i Grytvigjå av eigaren Henrich Henrichsen, som budde i Stavanger. Til slutt busett på Jørpeland.

G.m. 1922 Pauline Hamre, f. 1901, d. 1961, dotter til Jonas Hammar i Høle.

Barn:

  1. Ella, f. 1924, g.m. Kåre Henriksen
  2. Johannes, f. 1926, ugift
  3. Lilly, f. 1929, g.m. Harald Oldeide, stålverksarbeider, bur på Jørpeland
  4. Rut, f. 1932, g.m. Rasmus Bjørkhaug, Jørpeland
  5. Kari, f. 1935 g.m. Sven Gulliksen, bur i Viste Hageby
  6. Marit, f. 1938, g.m. Kjell Voll, Jørpeland.

95. Otto Rege

Han var frå Rægje i Sola. Otto Rege forpakta garden under krigen. Han var ikkje gift den tid han budde her.

96. Harald Ivesdal,

f. 1910. Son til Ola Ivesdal, Bjerkreim.

Forpakta garden i Grytvigjå frå ca 1945.

G.m. Ingeborg Hegelstad, f. 1917, dotter til Janar Hegelstad, Bjerkreim.

Barn:

  1. Jorunn, f. 1945
  2. Bodil, f. 1950
  3. Jan Arthur, f. 1952.

Litteratur og kilder

Referanser