Gunhild Pedersdotter (d.e. 1665)
Gunhild Pedersdotter var prestekone.
Ho var først gift med «Hr. Henrik» som var prest i Ofoten, og etter at han døde med Peder Eriksen som var prest i Lødingen prestegjeld frå 1618 til sin død i 1645. Frå andre ekteskap hadde ho sonen Henrik Pedersen Munch (1625–1670) som vart prest i Ofoten.[1]
Etter mannen sin død avga ho rekneskap for Lødingen kyrkje i 1646 og 1647, i følge dette var ho skuldig kyrkja 19 1/2 Daler og 20 Skilling. Denne gjelda var enno ikkje betalt i 1661.[2]
Som enke finn vi ho først på garden Hol (gnr. 80) på Tjeldøya fra 1647 til 1650.[1] I 1661 finn vi ho på garden Melsbø (gnr. 75) kor hun brukar heile garden, ho er her også i 1665 men brukar nå ein halv Våg.[2]
Referanser
Kilder
- Naustvik, Konrad. Lødingen, Tjeldsund og Tysfjords historie. Utg. Kommunen, Kulturkontoret. Lødingen. 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Naustvik, Konrad. Lødingen, Tjeldsund og Tysfjords historie. Utg. Kommunen, Kulturkontoret. Lødingen. 1994. Digital versjon på Nettbiblioteket.
| Artikkelen Gunhild Pedersdotter (d.e. 1665) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |