Håkon Martin Evjenth
Hopp til navigering
Hopp til søk
Håkon Martin Evjenth (1865–1934) var ein jurist og politikar frå Bodin i Salten. Han vart cand.jur. i 1889 og arbeidde som sakførar i Bodø frå 1894 og som advokat frå 1895. Som politikar verka han som ordførar i vekselvis Bodin kommune og Bodø kommune i fleire periodar. Han var justisminister i Mowinckelregjeringa (1928–30).
Han var son av Kristein Evjenth (f. 1829) og Anna Evjenth (f. 1832).
Evjenth var gift to gonger, først med Martha Backer (f. 1867) og så med Anne Elise Johnsen (f. 1876). H.M. Evjenth var far til mellom anna forfattarene Håkon Evjenth og Annemarta Borgen.
Litteratur og kjelder
|