Hærem-komiteen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hærem-komiteen (Komite for Indsamling af Bidrag til Understøttelse af Folkehøiskoler) var ein komité skipa i 1870 som skulle stø opp om folkeopplysning utan grundtvigianisme. Initiativtakar var indremisjonsmannen Peter Hærem.

Komiteen vart etablert som ein reaksjon på skipinga av dei mange grundtvigianske folkehøgskulane i åra før, og støtta gjekk til pietistiske og luthersk ortodokse skuletiltak. Teologisk er dei i slekt med dei kristelege ungdomsskulane som vart etablerte frå 1893, men det er ikkje noko direkte samband mellom desse skulane og Hærem-skulane.

Hærem var formelt sekretær, og i komiteen sat professor R. Tønder Nissen (formann), stiftsprost J. J. Tandberg, sokneprest Jørgen Moe, den mektige teologiprofessoren Gisle Johnson, skulestyrar Jonathan Aars og grosserar Carl Gulbranson.

Frå 1871 til 1875 gav komiteen kring 2000 spd. i støtte til åtte folkehøgskular. Bortsett frå Sogndal folkehøgskule fekk skulane eit kort liv:

Skule Tilskot år Søkjar/styrar
Sogndal folkehøgskule 1871–75 Jakob Sverdrup
Folkehøgskulen i Skoger, Vestfold 1871–73 Christen Brun
Folkehøgskulen i Vestre Slidre, Valdres 1872–73 K. K. Kleve og O. K. Ødegaard
Folkehøgskulen i Klepp og Jelsa, Rogaland 1873–74 T. Selmer
Folkehøgskulen på Veøy, Romsdal 1874–75 Ole Moe og O. Olafsen
Folkehøgskulen i Gjerstad, Agder 1874–75
Folkehøgskulen i Hjelmeland, Rogaland 1874–75 Hartvig Halvorsen og

Jesper Berge

Kjelder

  • Rui, Odd Vidar. (1999). Folkeopplysning og kulturpolitisk strid i Telemark. Viggo Ullmann og Telemark Folkehøgsule 1878-1892. Upublisert hovudoppgåve i historie. Universitetet i Oslo, s. 37-38.
  • Brandal, Trygve. (2002). Hartvig Halvorsen - ein hjelmelandsbu i norsk kyrkjehistorie. Gamalt frå Suldal.