Hærens Overkommando under kampane om Noreg i 1940

(Omdirigert fra «Hærens Overkommando»)

Hærens Overkommando (HOK) hadde ved krigsutbrotet i 1940 kontor på Akershus festning i Oslo. Mellom kl. 05.00 og 06.00 den 9. april flytta staben først til Slemdal hotell og deretter til Eidsvoll landsgymnas der dei frå ca. kl. 11.00 kunne organisere seg for å leie krigen. Om kvelden same dag flytta så HOK vidare til Rena og var etablert der da generalmajor Otto Ruge vart utnemnt til kommanderande general 11. april.

Statue av generalløytnant Otto Ruge på Akershus festning.

Ruge fann det meir føremålstenleg å leie krigen frå Gudbrandsdalen, og beordra HOK flytta til Øyer same dag. Det var tidlegare ikkje noka felles leiing for Forsvaret som kunne koordinere verksemda i utanriks- og forsvarsdepartementet, generalstaben (hæren), admiralstaben (marinen) og allierte styrkar i krise og krig. HOK overtok etter kvart denne funksjonen.

Kommanderande admiral stilte seg og Marinens Overkommando under HOKs kommando, men det fekk mindre betydning fordi det knapt fanst samband til dei attverande fartøya.

HOK fekk òg tilført militære britiske og franske kontaktoffiserar og direkte radiosamband til London, noko som letta koordineringa av operasjonane.

23. april evakuerte HOK frå Øyer og 28. april frå Brennhaugen på Dovre til Lesja og Nordmøre. Om kvelden 1. mai reiste så Ruge med stab nordover frå Molde med eit britiske marinefartøy. Dei kom fram til Tromsø 3. mai kl 11.00.

Etter at konge, regjering og overkommando hadde flytta til Tromsø vart leiinga av operasjonane koordinert under Forsvarets Overkommando, etablert ved kongeleg resolusjon 18. mai 1940.

Etter krigen, 19. juli 1946, vart stillinga som forsvarssjef fjerna og erstatta av eun forsvarsstab som overtok den koordinerende rolla, og kvar av forsvarsgreinene fekk sine eigne overkommandoar. Dette varte fram til 1. januar 1963 da Forsvarets Overkommando og stillingen som forsvarssjef igjen vart oppretta. Dette varte fram til 1. august 2003, da Forsvarets Overkommando vart erstatta med Forsvarsstaben.

Kjelder

  • Hobson, Rolf og Tom Kristiansen 2001: Norsk forsvarshistorie 1905-1940. Eide, s. 263.
  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Bind I. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag, s. 33, 86 og 127ff..
  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Bind II. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag, s. 167, 218, 278.