Høybåre
Ei høybåre er ein stigeliknande landbruksreiskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra har nok særleg vorte bruka på husmannsplassar og på sjølveigande småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjer og ordna i kjemmer med riva. Så legg ein kjemmene på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir gjørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løa. Vel inne blir tauget teke av lasset, og ein velter båra slik at høyet legg seg på stålet. Etterpå blir høyet tradisjonelt kasta til rettes og nedtrakka. Høyet skulle vera kompakt så «høyveggen» stod loddrett utover vinteren — slik følgte ein med kor mykje av høyet som var att.
Annan bruk av ordet høybåre
Ordet blir stundom bruka i staden for høybør, som er høy med eit tau kring som blir bore på ryggen. Dessutan blir ordet av og til bruka om ymse småvogner og anna som blir bruka til høytransport.