Slåttonn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Slåttonn på Kråkstad prestegård i Ski ca 1880.
Foto: Fra Kråkstad : em bygdebok, b.1. Martin Østlid, 1929
Raking er viktig for å få lufta høyet godt og få det opp frå råmen. Bildet viser trulig raking på Røyse i Skreien, Østre Toten.
Foto: ukjent (ca. 1910?).

Slåttonn er den intensive onna der ein slår gras og konserverer det til vinterfôr. Tradisjonelt har slåttonna vore basert på tørking av gras og andre engvekstar til høy. Sjølve slåtten vart tradisjonelt gjort med ljå. Høyet vart enten tørka som flathøy (som vart raka i hop til såter om kveldane og om vêret slo om til regn) eller hesja. Tørrhøyet vart oftast bore eller kjørt inn på låven eller i mindre løer. Ein kunne òg sette høyet i stakk. I løpet av 1800-talet vart det vanlig å bruke hesten til stadig fleire deler av slåttonna, inkludert slåing med slåmaskin, snuing av flathøy med venderive og ihopraking av graset/høyet med samlerive. Innover 1900-talet har traktoren gradvis teke over for hesten. Det har òg vore ein overgang frå høyonn til siloonn — særlig i samband med storfedrift.

Galleri