Hålogaland historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Haalogaland historielag»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile fra Tromsø Stiftstidende 10. juni 1920; utsnitt fra omtale av etableringen av Hålogaland historielag.

Hålogaland historielag vart stifta 8. mai 1920. Laget gir ut Håløygminne, eit lokalhistorisk tidsskrift for Nord-Norge som kjem ut med fire nummer i året. Utgjevinga har vore lagets viktigaste – og etter kvart einaste oppgave. Håløygminne er opent for både lek og lærd. Håløygminne sine abonnentar er bibliotek, skolar og privatpersonar. I 2010-åra har det vore om lag 375 abonnentar, medan det i 1970-åra var heile 1000 som tinga tidsskriftet. Det var stor lokalhistorisk interesse den gongen.

Ein periode skipa laget også til seminar, og det har gjeve ut nokre særprent, temahefte og namnesamlingar. Hålogaland historielag har sidan 1994 vore medlem av Landslaget for lokalhistorie.

Sentrale personar

Halfdan Koht var viktig for oppstarten av laget, han var pådrivar. Koht lanserte også namnet på laget og skriftet. Just Qvigstad var også ein god støtte i starten.

Hans Eidnes var leiar frå starten til juni 1962, då han døydde. Asbjørn Eidnes var redaktør vidare til 2009, då Vidkunn Eidnes overtok. I 2012 var eit nytt styre på plass, leiar Ole J. Furset. Etter at Vidkunn Eidnes gav seg som redaktør i 2021, har Sør-Troms Museum overtatt ansvaret for skriftet.

Kjelder og litteratur

  • Innmeldingsskjema Landslaget for lokalhistorie, 4. oktober 1994.
  • Opplysninger fra Hålogaland historielag (Landslaget for lokalhistories kartlegging av historielagenes historie 2019).

Eksterne lenker