Hakadalsvegen (Seljord)
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=Seljord%2C_Hakadalsvegen-1.jpg&width=400)
Hakadalsvegen sett sørover frå Åslandvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).
Hakadalsvegen i Flatdal i Seljord kommune er ein 328 meter lang gang- og sykkelveg som går mellom Åslandvegen og Sundbøhaugvegen.
Vegen har namn etter den tidlegare plassen Hakadalen under Sudistogu Sundbø og vart namnsett i 1984. Berre eitt hus, nr. 2, har adresse til vegen.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no