Halvor Larsson Espe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Halvor Larsson Espe (fødd kring 1692, død kring 1756) var frå garden Espe i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var yngste son av Lars Knutson Espe.

Halvor fekk 28. november 1715 bygselbrev på heimebruket Espe etter far sin og dreiv garden levetida ut.

I åra 1714-1716 var han kyrkjeombodsmann i Jostedalen 1714-1716 i lag med faren. I 1742 er han nemnd som lagrettemann.[1]

Halvor var gift tre gonger og fekk i alt ni born.

Med Martha Halvorsdotter frå Stokkanes i Luster (gift kring 1721) fekk han:

  • Gunvor Halvorsdotter (1723-1803), gardbrukarkone på Rebni i Luster
  • Cecilia Halvorsdotter (f. kring 1725), gardbrukarkone i Sogndal og Kyrkjebø

Andre ekteskapet var med Eli Andersdotter (gift kring 1728), dotter av gardbrukar og kyrkjeombodsmann Anders Olson Åsen. Ho hadde ei dotter frå før og fekk fire born med Halvor:

  • Martha Olsdotter (1725-1796), husmannskone på Sva i Luster
  • Anders Halvorson (1728-1812), husmann på Åsastølen under Åsen
  • Lars Halvorson (1731-1806), gardbrukar på Nedrelid (Garen)
  • Martha Halvorsdotter (1734-1747)
  • Anna Halvorsdotter (1736-1816), husmannskone under Bruheim

Med Synneva Hermundsdotter frå Veum i Hafslo (gift 21. oktober 1740) fekk han tre born:

  • Eli Halvorsdotter (1741-1809), gardbrukarkone i Bakken
  • Cecilia Halvorsdotter (1742-1818), husmannskone på Gjerde
  • Martha Halvorsdotter (1747-1820), gardbrukarkone på Øvre Fåberg

Notar

  1. Indre Sogn Sorenskriveri, tingbok nr. 34, fol. 153a

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 544. (digital utgåve, NBdigital)